Badevertar og teamleiarar

Arbeidsgiver
Volda kommune
Stillingstittel
Badevertar og teamleiar badevert/service
Frist
11.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Snart opnar eit nytt og moderne symjeanlegg i Volda, for symjarar og plaskarar. Vi har ei spennande reise framføre oss, der rutinar, stabile løysingar og god service kjem på plass. Til dette treng vi

Badevertar
Teamleiar badevertar
Teamleiar service

Det skal byggast eit heilt team, og vi lyser difor ut fleire stillingar som krev ulike kvalifikasjonar, stillingsbrøkar, oppstartstidspunkt og grad av ansvar. Stillingsprosent på dei ulike stillingane vil avhenge av kva driftsmodell det vert, om vi skal ha symjeinstruktørar, resepsjonsdrift, opningstider, kva kvalifikasjonar den enkelte har, og kva ynskjer som meldast inn frå søkjarar, sett i ein totalkabal. Det er difor viktig at du presiserer kva stilling du søker på (kan vere fleire), kva stillingsbrøk du ser føre deg og når du eventuelt kan starte. Vi treng ca 10 badevertar i 20-60% stilling, i tillegg til teamleiarane i 75-100%.

Vi ser etter deg som er fleksibel og løysingsorientert, da oppgåver knytt til anlegget vil variere. Kundetilfredsheit er viktig for oss, du må difor vere serviceinnstilt og positiv til å delta i å utvikle tilbodet i anlegget. Det er ei styrke med mangfald i personalet, vi satsar difor på ei god fordeling på kjønn og alder.

Opplæring, oppfølging og evaluering vert ein stor del av arbeidskvardagen, spesielt i starten.

Alle tilsette må bestå førstehjelpskurs og livbergingskurs (vert tilbudd), og å ha symjeferdigheiter.



Arbeidsoppgåver

BADEVERT:

Det er tre hovudstikkord til stillinga: bassengferdigheiter, reinhald og service.

Som kjem av tre hovudfokus for oss: tryggleik, hygiene og god stemning!

Vil du vere med på å skape symje- og badeglede saman med oss? Vi søkjer etter fleire personar til stilling som badevert i vårt nye anlegg. Ei spennande stilling der du vert eit sentralt medlem i teamet.
Som badevert jobbar du hovudsakleg ved bassenga, men kan innimellom få oppgåver knytt til kiosksal og billettering. Våre hovudprioritetar er tryggleik, hygiene og god stemning. Dette skaper du ved å vere til stade, tydeleg og hjelpsam. Vi skal saman skape ein arena der alle er velkomne, trivast og ynskjer å kome attende.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at gjestane til ei kvar tid opplev anlegget som trygt, reint og triveleg
  • Vakthald, sikkerheit og service i heile anlegget
  • Vedlikehald av sikkerheits- og redningsutstyr, og sikre at dette er klart til bruk
  • Utføre livredning og førstehjelp om behov
  • Gjennomføring av daglege reinhaldsrutinar er ein stor og viktig del av stillinga.
  • Servicearbeid, som sal av billettar, symjeartiklar, enkel kiosk og anna kundebetening vil førekome
  • Andre bassengrelaterte aktivitetar

TEAMLEIAR BADEVERT OG TEAMLEIAR SERVICE:

Ansvar for ulike områder kring dagleg drift av symjehallen. Og å tre inn som fungerande driftsleiar ved behov. De vil vere nøkkelpersonar i å sikre ei effektiv og trygg drift av symjeanlegget, og at våre tilsette har høg trivsel og leverer kvalitet.

Stillinga som teamleiar badevert krev same kvalifikasjonar som badevert, da du inngår i turnuslinje i basseng. Teamleiar service avheng av kva driftsmodell vi landar på, men ein må vere budd på å stille som badevert på nokre vakter, difor krav om kursing i livberging og beredskap.
Vi skal etablere ein driftsmodell der teama jobbar kreativt, strukturert og systematisk med å skape eit bredt og godt tilbod.

Arbeidsoppgåver
Den første tida vil arbeidet innebere (i tett samarbeid med leiar), å oppsøke referanseanlegg og -personar, for deretter å gjere informasjon, rutinar og instruksar til noko som fungerer for vårt anlegg. De vil vere sentrale i implementerings- og opplæringsfasa.

Anlegget skal ha mange ulike brukargrupper, med ulike behov. De vert aktive deltakarar i å leggje til rette for brei aktivitet og gode arrangement i samarbeid med ulike andre aktørar.

Vi skal ha eit høgt nivå på reinhald og tryggleik, og må difor utvikle og implementere effektive rutinar. Her får de eit hovudansvar for koordinering av reinhald, og vedlikehald av fasilitetar og utstyr.

De må samarbeide tett med leiar, for å sikre smidig drift og positiv arbeidskultur. De vert delaktige i å utarbeide arbeidsplanar, og å sørge for tilstrekkeleg bemanning for å til ei kvar tid møte driftsbehova. Vi skal skape høg trivselsfaktor, og de vert ansikt utad.

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar til stillingane:

  • Minimum 18 år
  • Erfaring frå liknande stilling eller bransje er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Moglegheit og vilje til å arbeide kveldar og helger
  • Du må ha symjeferdigheiter, i tillegg til å kunne dykke.
  • Du må kunne handle raskt, ha oversikt, og evne å halde fokus.
  • Du må kunne følgje rutinane. Ein stor del av jobben til ein badevert inneheld reinhald av basseng, garderobar og øvrig anlegg.
  • Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til ein livbergingstest. Denne må ein bestå for å gå vidare i prosessen.
  • Aktuelle kandidatar må framvise gyldig politiattest før kontraktinngåing.

Relevante personlege eigenskapar og kvalifikasjonar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du evner å jobbe sjøllvstendig og i team
  • Du handterer eit høgt arbeidstempo, og du held haudet kaldt i ein kritisk situasjon
  • Du ser, og tek ansvar for oppgåver langsmed
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikative evner

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte stillingar, med moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit nytt og moderne anlegg.
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Lønn etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit til å påverke og bidra til suksess for eit nyopna flott anlegg

Kontaktinformasjon

Solveig Storeide, Leiar Volda symjehall, +47 90565727 , solveig.storeide@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4812412064

Stillingsprosent: 100, 20%

Fast

Søknadsfrist: 11.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
12
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Annet, Renhold, Kundeservice
FINN-kode
353848568
Sist endret
22. mai 2024 06:17