Inaktiv

Kjekk stilling på Gjenbruket - hjarte i bygda

Arbeidsgiver
Solund kommune Samfunns- og næringsutvikling
Stillingstittel
Servicemedarbeidar Gjenbruket
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Gjenbruket i Solund kommune har ledig 30% stilling som servicemedarbeidar med oppstart medio august. Gjenbruket er ein kafé og gjenbruksbutikk der målet er å skape ein møteplass kor både innbyggjarar og tilreisande i alle aldrar trivast.

Ein av våre gode kollegaer går av med pensjon, og me er på jakt etter ein etterfølgjar.

Litt om Gjenbruket:

Gjenbruket, «Hjarte i bygda» er ein uformell møtestad, og ein fin blanding av gjenbruksbutikk og kafé. Gjenbruket held til på Hardbakke Senter, men er eigd av Solund kommune og vert drifta av Solund Frivilligsentral.

Det er ein mangfaldig møtestad, då det kan vere ulike personar som arbeidar der i periodar td. dei som treng språkpraksis, arbeidstrening og frivillige som ynskjer å bidra. I tillegg til volontørar (ungdom frå ulike land i Europa).

Av faste aktivitetar, er torsdagslunsjen ein viktig tilstelning. Då lagar personale lunsj kvar torsdag (utanom skuleferien). Og dei som vil kan komme å ete lunsj saman. Ein har og nokre bestillinger på lunsj andre dagar.

Om sommaren er turistinformasjonen på Gjenbruket

Arbeidstida er tysdag og torsdag kl. 10.00 til 16.00.

Gjenbruket er ope mandag til laurdag.

Vi ynskjer at du som vil jobbe saman med oss:

  • vil vere med å vidareutvikle Gjenbruket
  • marknadsføre staden og aktivitetar bl.a. på sosiale kanalar
  • er glad i å lage mat (treng ikkje vere kokk) og er serviceinnstilt
  • er glad i å omgåast ulike menneske
  • er ei glad og positiv pådrivarsjel.
  • kan jobbe sjølvstendig.
  • fint med litt engelskkunnskapar (skal jobbe saman med volontørane)

Det er mogeleg å få starte eigne prosjekt i samråd med dagleg leiar ved Frivilligsentralen.

Vi tilbyr deg ein spanande stad å arbeide. Her vil dagane variere, og du vil møte mange menneske.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Stillingsfunksjon
Annet, Mat og servering, Kundeservice
FINN-kode
353848119
Sist endret
22. mai 2024 06:10