Førsteamanuensis (2 x 100 %) i medisinsk statistikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis (2 x 100 %) i medisinsk statistikk
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig to faste stillingar som førsteamanuensis (100 %) i medisinsk statistikk ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS). Den eine stillinga er ledig frå 1. desember 2024 og den andre stillinga er ledig frå 1. februar 2025. Stillingane skal styrke undervising, kompetanse på prosjektstøtte og forsking innan faget medisinsk statistikk.

Det kan verte aktuelt å tilsette i 50 % stilling. I så fall vil det vere ønskjeleg at stillinga kombinerast med anna relevant arbeid som gjer strategisk synergi for instituttet. Vi ber søkjarane om å gjere merksam om ein er interesserte i ei slik løysing.

Vi søkjer medarbeidarar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin driv forsking og undervisning i faga allmennmedisin, arbeidsmedisin, epidemiologi, fysioterapivitskap, genetisk rettleiing, global helse, medisinsk etikk og vitskapsteori, helseleiing og helseøkonomi, medisinsk statistikk, samfunnsmedisin og sjukepleievitskap. Instituttet er organisert i sju fagområde.

Stillingane skal vere knytt til Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved instituttet. EPISTAT har forskingsgrupper som forskar på problemstillingar knytt til årsaker til sjukdom og død basert på data frå helseregister, biobanker og befolkningsundersøkingar. Vi søkjar kandidatar som er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for EPISTAT.

Faget medisinsk statistikk omfattar bruk av statistikk innanfor medisin frå medisinsk basalforsking og klinisk forsking til genetikk og epidemiologi. Søkjar bør ha sterk statistikkbakgrunn med master- eller doktorgrad i statistikk eller tilsvarande matematiske eller teknisk retta fag. Erfaring med bruk av statistisk programvare som R og STATA, og evne til å sette seg inn i og bruke desse i undervising og rettleiing er eit krav. Det vert også lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid, og nasjonalt og internasjonalt nettverk. Søkjar bør ha strategiske planer for arbeidet i stillinga.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Dei som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at dei tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisningsgruppe for medisinsk statistikk, men personane som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.

Kjernefasiliteten for biostatistikk og dataanalyse (BIOS) er knytt til IGS. Dei som vert tilsett må delta i organisering av ei rettleiingsteneste for forskarar som kjernefasiliteten driv. Det kan verte aktuelt for ein av dei som får stilling å ha fagleg og strategisk ansvar for BIOS og utvikle medisinsk statistikk som prosjektstøtte- og rettleiingsfag.

Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking, undervisning og statistisk rettleiing, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har mastergrad eller tilsvarande kompetanse i statistikk eller tilsvarande matematiske og teknisk retta fag, og relevant norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Personar med annan mastergrad, men med doktorgrad innanfor statistikk kan også vurderast.

Kandidatane må kunne nytte moderne statistiske metodar og statistisk programvare som R og STATA innan medisinsk eller helsefagleg forsking, og dokumentere erfaring med dette.

Kandidatane bør ha evne og vilje til å nytta studentaktiverande undervisning. Kandidatane bør også ha personlege eigenskapar og interesse for rådgjeving og fagleg samarbeid på tvers av instituttet.

Då EPISTAT er tungt involvert i store prosjekt og infrastrukturar innan helseregister, helseundersøkingar, og biobankar, er det ein føremon om kandidatane har erfaring med forsking, prosjektleiing og drift innan desse felta.

Ideelle kandidatar publiserer på høgt internasjonalt nivå, og kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Ved bedømminga vil vi legge særleg vekt på resultat oppnådd dei siste 5-7 år. Ideelle kandidatar har også erfaring med undervisning og utvikling av undervisningsopplegg på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk, vil telje positivt ved bedømminga, og det same vil erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Søkjarar bør ha strategiske planer for arbeidet i stillinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte instituttleiar professor Bjarne Robberstad, e-post: bjarne.robberstad@uib.no eller leier av EPISTAT professor Tone Bjørge, e-post: tone.bjorge@uib.no.

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell
FINN-kode
353831387
Sist endret
23. mai 2024 01:40