Inaktiv

SFO-leiar - 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Aure barneskule, Sykkylven kommune
Stillingstittel
SFO-leiar - 100% fast stilling
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer ein dyktig og engasjert SFO-leiar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt læringsmiljø.
Vi har ledig 100% fast stilling frå 01.08.2024.

Aure barneskule og SFO har 410 elevar og er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023. Skulen er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven.
Elevane kjem frå dei tre tidlegare skulekrinsane, Aure, Vik og Ullavik. Skulen er ein 1-7 skule med 21 klasser og 3 parallellar. Aure barneskule har ein stor SFO med om lag 160 elevar frå hausten 2024. Skulen har eiga ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall.

SFO-leiaren er ein del av skulen si leiargruppe saman med to avdelingsleiarar for skule og rektor, totalt 3.6 årsverk.

Har du lyst på ein spennande jobb der du saman med dyktige og erfarne kollegaer tek del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar i møte med ei flott og variert barnegruppe? Søk då vel!



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift, leie og vidareutvikle skulefritidsordninga
  • Personalansvar
  • Ansvar for å planlegge og leie faste møte med tilsette i sfo
  • Følge opp og vidareutvikle eit godt samarbeid og sambruk mellom skule og sfo
  • Støtte og rettleie tilsette i arbeidet med barn og aktivitetar på sfo
  • Ta aktiv del i praktiske oppgåver i dagleg drift
  • Leie og drive kompetanseutvikling i personalet i tråd med rammeplan for sfo
  • Som ein del av skulen sitt leiarteam vil du vidareføre og utvikle heile skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeide med andre tenester i skulen og ha tett samarbeid med avdelingsleiarane og rektor

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning, pedagogisk og/eller sosialfagleg utdanning
  • Bakgrunn frå sfo, skule eller barnehage blir vektlagt
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • God system- og organiseringsforståing
  • Gode digitale ferdigheiter, kjennskap til Visma Flyt skule er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Må beherske nynorsk
  • Tilfredsstillande politiattest er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein aktiv, engasjert og tydeleg leiar som er opptatt av barns trivsel og utvikling
  • Du må like høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Du kommuniserer godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Du er engasjert og har god evne til å gjennomføre gitte arbeidsoppgåver gjennom å prioritere, vere strukturert og arbeide systematisk
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Evne til å motivere dei tilsette i det daglege arbeidet
  • Leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Kjersti Hovet, Einingsleiar, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 47

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4815087349

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 47, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
353820445
Sist endret
21. mai 2024 12:57