Inaktiv

ID 2195 Sjukepleiar/vernepleiar - Psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, vernepleiar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining for psykisk helse og rus omfattar ulike tilbod, som Dagsenter, Bufellesskap og Oppsøkande tenester til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar.


Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre tenester, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner.


Apalvegen bufellesskap er eit bufellesskap for personer med psykiske helsevanskar. Personalet har høg fagleg kompetanse, og yt mange og varierte tenester saman med brukarane for at dei skal utvikla seg, og ha god livskvalitet.


I avdeling Bufellesskap har me ledig


Fast 100% stilling for autorisert sjukepleiar/vernepleiar.


Stillinga er i turnus med kombinasjon av langvakter og vanlege vakter og har arbeid kvar 6 helg.


Me søkjer etter motivert og engasjert medarbeidar med gode samarbeidsevner og som har:


  • relevant høgskuleutdanning innan arbeidsfeltet, gjerne med vidareutdanning
  • relevant fagutdanning, gjerne med vidareutdanning
  • erfaring innan psykisk helsefelt
  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
  • arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • er positiv, initiativrik og strukturert
  • veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
  • vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit. Søkjar må ha sertifikat. Menn vert oppmoda til å søkje. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.


Me kan tilby:


  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal,
  • Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt


Kontaktperson: Madelaine Agdestein Børtveit tlf: 41 55 96 44


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
353818097
Sist endret
22. mai 2024 07:35