Miljøarbeidar, 100% fast sjukevikar

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Miljøtenesta. 100% fast st. (sjukevikar) som miljøarbeidar frå 01.08.24
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig 100% fast stilling som miljøarbeidar (sjukevikar) frå 01.08.2024.

Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. Dette er ei fast stilling som sjukevikar. Vi vil prøve å setje den tilsette inn i turnusar der det er langtidsfråvær, slik at turnusen vert mest mogleg føreseieleg. Den som går inn i stillinga må synast det er spennande og motiverande å yte bistand til ulike brukarar og trivast med varierande arbeidsoppgåver. Det er ulike arbeidstidsordningar i eininga; i hovudsak er det langvakter, men vi har også nokon ordinære vakter på dag/kveld/natt, samt døgnvakter.


Arbeidsoppgåver
  • Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Følgje opp dei daglege rutinene
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
  • Kan delta på ulike aktiviteter som til dømes bading i basseng (inkl. å ta livreddarkurs), båtturar og gardsbesøk/arbeid.
  • Førarkort klasse B
  • Kommuniserer godt på norsk

Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
353817992
Sist endret
21. mai 2024 07:17