Ungdomsarbeidarar

Arbeidsgiver
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Ungdomsarbeidarar
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ungdomsarbeidar(ar) som saman med gode medarbeidarar vil jobbe for å dele tru, håp og kjærleik til barn, ungdom og familiar i Øygarden. Stilling(ane) vil primært vere knytt til Fjell, Landro og Foldnes sokn.

«Nær Gud, nær menneske». Slik lyder Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takksemd, det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar hos oss.

Som ungdomsarbeidar i Øygarden kyrkjelege fellesråd skal du vere med å leie og støtte barne- og ungdomsarbeidet i tråd med visjonen og verdiane til fellesrådet, og du skal bidra til å halde desse levande i det daglege arbeidet.

Arbeidsoppgåver knytt til Fjell sokn

  • Vere konfirmantlærar og vere med i planlegging og gjennomføring av ulike konfirmantarrangement, som konfirmantleir og fasteaksjonen
  • Vere leiar på KRIK Vestsio og KRIK Ulveset
  • Vere leiar for tweensklubb og tweensarbeid i Fjell sokn

Arbeidsoppgåver knytt til Landro sokn:

  • Vere konfirmantlærar og vere med i planlegging og gjennomføring av ulike konfirmantarrangement, som konfirmantleir og fasteaksjonen
  • Vere leiar på Landroklubben som er ein ungdomsklubb frå 8.trinn og oppover

Arbeidsområde knytt til Foldnes sokn:

  • Vere leiar på UngdomsLørdag som er ein ungdomsklubb frå 8.trinn og oppover.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med unge i og utanfor kyrkja og/eller formidling i møte med unge er ein fordel
  • Pedagogisk utdanning og/eller utdanning innan teologi/kristendomskunnskap er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til god kommunikasjon og formidling i møte med unge
  • Evne til å byggje gode relasjonar
  • Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere rollemodell for barn og unge
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
  • Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor

Anna:

  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Ein må rekne med å kunne få oppgåver i andre sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd.
  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Den som blir tilsett må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Stillingsprosent: Ein kan søkje på fleire av stillingane. Dette vil kunne vurderast ut frå ønskje og teamsamansetjing

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje i Øygarden, +47 473 04 530

Arbeidsstad

Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4815882199
Stillingsprosent: 20, 7%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353812525
Sist endret
21. mai 2024 09:00