Inaktiv

Fagarbeidar inntil 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Kviteseid Skule
Stillingstittel
Fagarbeider barn
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer folk som trivs i eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust og der kollegaer hjelper kvarandre i ein krevjande kvardag.




Hva vi ser etter

Personlege eigenskapar:


Vi ynskjer varme, rause, inkluderande og tydelege vaksne.


Du må vere flink til å byggje relasjonar og kunne sjå det beste i elevane. I tillegg ser vi etter deg som er utviklingsorientert, har brei fagkunnskap og som er genuint interessert i elevane si læring, trivsel og utvikling.


Du må vere ein person som er glad i barn, og som har kunnskap og evne til å handtere barn med ekstra utfordringar/behov.


Du må kunne følgje dei beskjedar som blir gitt, men samstundes kunne ta sjølvstendige val og ha god dialog med dei tilsette på skulen.


Skulekvardagen byr på mange gleder og utfordringar, og du må vere tolmodig og raus og kunne stå i tøffe tak. Belønninga kjem når elevane lukkast!




Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:


Vi søkjer primært etter barne- og ungdomsarbeidar. Annan utdanning kan óg vere aktuell.


I denne jobben vil du få i oppgåve å følgje opp enkeltelevar i klasser, vere læraren si hjelpande hand i timane, og eventuelt jobbe på SFO.


Kvalifikasjonar: Gjerne fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. Annan utdanning kan vere aktuell.




Vi tilbyr

Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark og har knapt 2 500 innbyggjarar. Kommunen har flott natur og eit allsidig turisttilbod, både sommar og vinter. I tillegg til eit aktivt jordbruk er det ulike former for næringsverksemd, mellom anna med over 50 kompetansearbeidsplassar i Vest-Telemark næringspark. Kommunen legg til rette for bustadbygging og næringsutvikling. Kommunen har to oppvekstsenter, idrettshall og kunstgrasbane. Kommuneadministrasjonen held til i Kviteseidbyen.


Det er golfbane, skisenter og klatrefelt i kommunen og me har ei rekke lag og organisasjonar for fritidstilbod og engasjement for den som ynskjer dette. Det blir arrangert fleire festivalar og marknadar gjennom året, både for born og vaksne

Sektor
Offentlig
Sted
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
353337633
Sist endret
16. mai 2024 07:17