Inaktiv

Vassenden skule har ledige stillingar i skulen

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Vassenden skule
Stillingstittel
Miljørettleiar og barne- og ungdomsarbeidar/ assistent
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO.

Vi har ledig:
  • Inntil 100% fast stilling som miljøterapeut
  • Inntil 100% fast stilling som assistent/ barne- og ungdomsarbeidar

Stillingane følgjer skuleåret, og krev at ein er fleksibel og kan gå i vaktsystem på SFO i tillegg til skuletida. Det kan og bli aktuelt å jobbe i skulane sine feriar ved behov.

Vi tilbyr:
  • Arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med stor variasjon
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande løns- og pensjonsvilkår
Krav til søkar til begge stillingane:
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er engasjerte, målretta og fleksible
  • er tydelege og motiverande i gruppeleiing, relasjonsbygging og elevhandtering
  • har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i nynorsk
  • har god digital kompetanse
  • fordel med kjennskap og erfaring med PALS
  • ha interesser for fysisk aktivitet, kreative fagområde og praktiske arbeidsmåtar
Krav til søkar til miljørettleiar:
  • Pedagogisk og/eller- sosialfagleg utdanning på bachelornivå. Anna kompetanse kan og vere aktuell
  • Arbeidserfaring innan sosioemosjonelle vanskar, og førebygging og handtering av utagerande åtferd er ein fordel
  • Kunne følgje opp elevsaker, førebyggande skulemiljøarbeid og samarbeide med føresette, leiinga, lærarar, assistentgruppa og eksterne hjelpeinstansar
Krav til søkar som assistent/ barne- og ungdomsarbeidar:
  • Ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring som assistent i skule og/eller barnehage, men ikkje eit krav
  • Det vil vere fordel med erfaring med alternativ kommunikasjon som t.d. «teikn-til-tale»

Velkomen som søkjar!

Du må søkje elektronisk.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn på intervju og referansar vert innhenta.

Menn vert spesielt oppmoda om å søkje.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353313205
Sist endret
21. mai 2024 06:39