Inaktiv

Sunde skule søker ny kontormedarbeidar

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Sunde skule
Stillingstittel
Kontormedarbeidar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sunde skule er ein 1- 7 skule med kring 30 tilsette og 160 elevar

Vi har ledig:
  • 50 % mellombels stilling som kontormedarbeidar frå 01.08.2024 til 31.07.2025.

Stillinga kan utvidast ved å jobbe som assistent på SFO og skule.

Stillinga følger skuleåret. Dette gjev eit trekk på lønsprosenten for fri i skuleferiar.

Arbeidsoppgåver:
  • sakshandsaming for rektor
  • kontakt med elevar og føresette
  • sakshandsaming for rektor
  • bistå lærarane i administrativt arbeid
  • utleige, innkjøp og bestilling av skuleskyss
  • vikarhandtering
  • handsaming av lønsutbetaling, budsjett, fakturering og rekneskap
  • førefallande praktisk arbeid
Krav til søkar:
  • god kompetanse i bruk av IT-verktøy. Vi nyttar dataprogram som Acos Websak, Visma Enterprise, Visma Flyt timeplan, Framsikt og Teams.
  • god norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Det er ønskeleg med fagbrev i kontor- og administrasjon. Relevant erfaring kan kompensere for mangande formell kompetanse.
Vi ønsker at du:
  • er nøyaktig, strukturert og kan jobbe sjølvstendig
  • har gode samarbeids-, og kommunikasjonsevner og er serviceinnstilt
  • har erfaring i arbeid med personaladministrative, samt erfaring innan lov- og avtaleverk for skulen
  • set deg raskt inn i nye dataløysingar
Vi tilbyr:
  • ein variert arbeidskvardag
  • engasjert kollegium
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer i stillinga.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sunde, 6819 Førde
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
FINN-kode
353309408
Sist endret
21. mai 2024 06:38