Helsesjukepleiar ved helsestasjonen

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar ved helsestasjonen
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Me vil styrke tilbodet ved helsestasjonen, og har difor ledig nyoppretta fast 100% stilling som helsesjukepleiar frå snarast.

Helsestasjonen held til i gode og romslege rom i Fjordsentert på Onstad. Skulehelsetenesta er lokalisert ved Aurland- barne og ungdomsskule og ved Flåm skule.

Me har ansvar og oppgåver for barn og unge i alderen 0-20 år, i samsvar med lovpålagde oppgåver og retningslinjer. Tenesta omfattar helsestasjon (0-5 år), skulehelsetenesta (6-16 år) og helsestasjon for ungdom (13-20 år) samt arbeid med flyktningar. I tillegg kjem reisevaksinering og smittevern.

Helsestasjonen består av fagpersonane jordmor, helsesjukepleiar, helsestasjonslege og fysioterapeut. Det er tverrfagleg samarbeid med tannhelseteneste, kommunepsykolog, barnevern, Pedagogisk psykologisk tenesse ( PPT) og Barne og ungdomspsykiatri (Bup).


Arbeids- og ansvarsområde

40% av stillinga er knytt til arbeid med utvikling av eit nytt førebyggingsteam. Førebyggingsarbeidet er retta mot barnehageborn og skuleelevar. Teamet vil arbeide tverrfagleg saman med mellom anna spesialpedagog og miljørettleiar. Me er i gang med å utarbeide førebyggande plan for barn og unge, og jobbar saman for å nå desse måla.

60% av stillinga er innanfor lovpålagde oppgåver som:

  • arbeid med barn og unge i alderen 0 - 20 år og foreldre / føresette
  • heimebesøk til nyfødte
  • ammerettleiing etter råd frå Ammekyndig helsestasjon under OUS
  • programmet for barnevaksine
  • samarbeid med fagpersonar og faginstansar
  • koordinere ansvarsgrupper
  • utarbeide prosedyrer og krav til kvalitetsikringssystem

Me nyttar journalsystemet Visma HsPRo og Visma Samspill i utforming av Individuell plan.

Kommunen vår har plan for Barn som pårørande, og helsestasjonen er fyrste kontakt i oppfylging av barn.

Fordeling av ansvar og oppgåver skjer i samhandling med leiande helsesjukepleiar.


Rekrutteringstilskot

Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av sjukepleiarar, vernepleiarar og barnehagelærar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på kr. 50 000,- per år i 2 år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr 100 000,- i etterkant av dei 2 første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som sjukepleiar, vernepleiar og barnehagelærar.

Rekrutteringstilskotet gjeld også får sjukepleiarar med spesialutdanning som til dømes helsesjukepleiar.

Vi vil også vurdere å gje tilskot til vidareutdanning til helsesjukepleiar.


Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar
  • tilgang til bil i tenesta

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar
  • norsk autorisasjon som helsesjukepleiar, gjerne med master
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, med pågåande spesialutdanning som helsesjukepleiar
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant erfaring

I tillegg er det fint om du har:

  • erfaring frå arbeid ved helsestasjon
  • kompetanse som godkjend rettleiar i foreldrerettleiingsprogram som til dømes COS
  • gode datakunnskapar med kjennskap til journalsystemet Visma HsPro

Personlege eigenskapar

Me vil legge vekt på personlege eigenskapar, og vil at du:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • er god på oppgåveløysing og tek ansvar
  • kan samhandle og arbeide tverrfagleg
  • er positiv og engasjert
  • er inovativ og nytenkande
  • ser heilskapleg i eit brukarperspektiv

Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.


Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
  • etter helse og omsorgstenestelova må du levere godkjend politiattest før du byrjar i stillinga
  • du må ha førarkort for personbil


Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Det er ein fordel å kunne kommunisere på engelsk. Samt ha erfaring med å nytte tolk via telefon.


Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Onstadvegen 25, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
353306782
Sist endret
16. mai 2024 01:12