Fast stilling som radiograf ved Brystdiagnostisk senter

Arbeidsgiver
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Fast stilling som radiograf ved Brystdiagnostisk senter
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brystdiagnostisk senter er ein moderne seksjon som pr. i dag er lokalisert i flotte, nye lokale på Haraldsplass diakonale sykehus.

Seksjonen tilhøyrer Radiologisk avdeling (Haukeland universitetssjukehus) som til saman har om lag 350 tilsette. Nærare 40 av dei tilsette jobbar på Brystdiagnostisk senter - herunder radiologar, radiografar og merkantilt tilsette. Vi ser no etter ein ny engasjert radiograf som har lyst å bidra positiv inn i eit sterkt fagmiljø kva gjeld mammografi og brystkreftutgreiing.

Brystdiagnostisk senter har ein topp moderne utstyrspark til bruk innan diagnostikk av brystkreft. Seksjonen driv med både mammografiscreening og klinisk verksemd. Seksjonen har 6 stasjonære mammografiapparat fordelt på våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus og Danmarksplass. Seksjonen disponerer i tillegg eit mobilt mammografiapparat (mammografibuss). Med topp moderne utstyr kan vi også greie ut presist med 3D-teknikk og kontrastmammografi og kontrastveileda biopsi. Avdelinga er i tillegg heilt i oppstarten av ei KI-studie som radiografane blir sentrale i.

Radiografane ved Brystdiagnostisk senter rullerar på å jobbe på alle våre arbeidsstader. Radiografane jobbar mest dagtid, men har nokre kveldsvakter og i periodar kan det bli aktuelt med nokre reiseveker ved arbeid på mammografibuss etter turnus. Seksjonen set kvalitet og effektivitet i høgsetet, og er avhengig av dyktige medarbeidarar som har pasienten i fokus.

Ved Brystdiagnostisk senter jobbar radiografane tett på pasientar som er under ugtreiing for mogleg brystkreft. Radiografane tar dagleg aktivt del ved prøvetakingar som vakuumbiopsiar og andre biopsiar. Radiografen deltar i pasientnært arbeid med stort fokus på kommunikasjon - både når pasienten får gode beskjeder, men og når dei får tunge beskjedar.

Vi har for tida ledig 100% fast radiografstilling og ønsker no å tilsette ein engasjert, pasientorientert og positiv radiograf som kan bli ein del av vårt team. Ved intern tilsetting kan vikariat bli aktuelt.



Arbeidsoppgåver

  • Klinisk mammografi
  • I samarbeid med radiolog ta del i biopsi-taking av svulstar
  • Kommunikasjon med pasientar om vidare forløp og svar på biopsiar
  • Mammografiscreening
  • Kvalitetskontroll
  • Assistere radiolog ved utgreiing og prøvetaking
  • Kreftomsorg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå mammografi
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du må vere tilpassingsdyktig i ein arbeidskvardag som aldri er lik

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og travelt arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Relevant opplæring
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ina Heggernes Pedersen, Avdelingsradiograf, 55 97 51 59, ina.heggernes.pedersen@helse-bergen.no

Hildegunn Siv Aase, Senterleiar og overlege, 55 97 64 61, hildegunn.siv.aase@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4814736753

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
FINN-kode
353306061
Sist endret
16. mai 2024 01:05