Ledige stillingar i barnehagane i Seljord, fast og mellombels frå barnehageåret 2024/2025. 2. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Seljord Kommune
Stillingstittel
Barnehagemedarbeider
Frist
02.06.2024

Beskrivelse

Bli med å skap trygge kvardagar for barna




Vi har ledige stillingar i barnehagane i Seljord, fast og mellombels frå barnehageåret 2024/2025.




Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Kommunen har er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.




Pedagogisk leiar, barnehagelærar




Det er ledige stillingar som pedagogisk leiar, barnehagelærar i barnehagane i Seljord.




Oppstart 1.august.




Barne- og ungdomsarbeider, assistent




Det er ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeider, assistent i barnehagane i Seljord.




Oppstart 1.august.




For stillingane gjeld:




Det vil bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner. Erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg.




Nyutdanna nytilsette barnehagelærarar får rettleiing i 2 år.




Barnehagane i Seljord




Barnehagane i Seljord har fokus på å skape psykisk helsefremjande miljø for barna. Arbeidet vårt tar utgangspunkt i barnas rettar. Kjernen i arbeidet er tilknyting og gode relasjonar i tett samarbeid med foreldra. Det er foreldra og dei tilsette sitt ansvar å ta val til det beste for barna. Vala vi tek påverkar




barnet her og nå, og seinare i livet. Barna skal ha tilsette som støttar og utfordrar dei i leiken. Leiken er barnehagebarns danningsarena og barnehagane har fokus på inkluderande leikemiljø. Vi har eit samarbeid med STYD kommunikasjon i dette arbeidet.




Vi tilbyr




• Løn etter Hovudtariffavtala




• Pensjon via KLP/SPK




• IA-bedrift




Dei som får tilbod om stillinga må vise gyldig politiattest før tilsetting.




Spørsmål om stillingane skal rettast til styrar/einingsleiar




Heidi Færstaul Haugerud, tlf. 911 20 162, heidi.haugerud@seljord.kommune.no




Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via portalen på www.seljord.kommune.no. Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.




Søknadsfrist: 2. juni 2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
3840 Seljord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353304249
Sist endret
16. mai 2024 12:50