Ass. seksjonsleiar sengepost, Kysthospitalet i Hagevik

Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar i sengepost
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, i Helse Bergen. Sjukehuset ligg i Hagavik, Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, ryggkirurgi og noko dagkirurgi.

Sjukehuset har 6-døgnsdrift. Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling.

Vår gode assisterande seksjonleiar skal pensjonere seg og vi søker derfor etter ein ny.

Assisterande seksjonsleiar har eit tett samarbeid med fagsjukepleiar og seksjonsleiar i sengeposten.

Personalgruppa består av sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar. Vi er opptatt av gode pasientforløp, vi har eit godt arbeidsmiljø med lav turnover. Vi er eit veldrive sjukehus med effektiv og spesialisert drift. Gjennomsnittleg liggetid for nyopererte pasientar er 1,6 døgn.Sengeposten vår har flotte medarbeidarar som saman skaper eit trygt og godt miljø for pasientar og tilsette.



Arbeidsoppgåver

Assisterande skal hjelpe og avlaste seksjonsleiaren, og medverke til at seksjonen ivaretar sine forpliktingar og når sine mål. Som assisterande seksjonsleiar vil du få arbeidsoppgåver delegert frå seksjonsleiar, mellom anna:

  • planlegge og leie sengepostens daglige drift
  • Koordinator mellom utdanningsinstitusjonar og seksjon for fag og utvikling i Helse Bergen (FoU) og legge til rette for praksisperiodar for studentar, elevar og lærlingar saman med praksisrettleiar og fagsjukepleiar
  • ta initiativ til og delta i den faglege utviklinga av avdelinga saman med seksjonsleiar og fagsjukepleiar
  • bidra til utarbeidinga og oppfølginga av seksjonen si interne drift og utvikling
  • saman med seksjonsleiar ha ansvar for å legge til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • medverke til at seksjonen sine totale ressursar blir utnytta til det beste for heile klinikken
  • vere fungerande leiar ved seksjonsleiars fråvær

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Erfaring eller kunnskap frå ortopediske avdelinger er ein fordel
  • Dersom du har leiarerfaring eller utdanning er det ein fordel, men inga føresetnad
  • Du må ha god norsk framstillingsevne, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar, med interesse for digitalisering og bruk av digitale verktøy

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du:

  • Er fagleg sterk, engasjert og fleksibel
  • Er strukturert og målretta
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
  • Er sjølvstendig, men også god til å arbeide i team
  • Er opptatt av forbetring av tenestene
  • Trivest med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit til å vere med å leie ei flott personalgruppe med mykje kunnskap og engasjement for pasientane
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Hjertholm, Seksjonsleiar sengepost , +47 90831586

Arbeidsstad

Hagaviksbakken 25

5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4814105043

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
353304247
Sist endret
16. mai 2024 12:44