Inaktiv

Lærar i naturfag og matematikk

Arbeidsgiver
FOR - avd realfag, økonomi/administrative fag, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i naturfag og matematikk
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på
profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i
tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek, og har som mål å levere
opplæring av høg kvalitet.
Skulen er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i Førde sentrum. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og
datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Medium og
kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv,
Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for
undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.

Arbeidsoppgåver

For neste skuleår treng vi ein lærar som kan undervise i naturfag og matematikk både på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan realfag og undervisningskompetanse i naturfag og matematikk
  • I tillegg er undervisningskompetanse i IT1 og IT2 ønskeleg
  • Godkjent pedagogisk utdanning
  • Relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt
  • Gode IKT- ferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar


Personlege eigenskapar som evner til samarbeid, samskaping og dialog vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Gode pensjons og forsikringsvilkår
  • Gode moglegheiter for utvikling og læring i eit godt arbeidsmiljø

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Stillinga har 6 månader prøvetid.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenkje på www.vlfk.no sine nettsider under ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Det vert teke atterhald om at overtallege ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. jf. hovudavtalen del §3-1c og d.

Spørsmål om stillinga kan rettast til: avdelingsleiar Hilde Kvamsås Aa, tlf: 95211915, e-post: hilde.kvamsas.aa2@vlfk.no

Kontaktinformasjon

Hilde Kvamsås Aa, avdelingsleiar, +47 95211915

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12

6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4814962403

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 29.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Naustdalsvegen 12, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353300621
Sist endret
21. mai 2024 06:15