Inaktiv

Helsesekretær/ sekretær

Arbeidsgiver
Kontor medisin Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Helsesekretær/ sekretær
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ledig vikariater i ett år for helsesekretær/ sekretær. Det kan bli mulighet for fast ansettelse. Tiltredelse fra snarest. Kontor medisin er ein liten, men effektiv seksjon. Vi yter tenester til forskjellige poliklinikkar, inntakskontor og medisinsk døgneining. Seksjonen har p.t. 16 tilsette fordelt på 13,5 årsverk.

Vi går inn i ei spennande framtid med nytt akuttsjukehus og nytt journalsystem Helseplattformen. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit bredt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Tilsetting frå snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.

Høyrest dette spennande ut, og du kjenne at dette kan vere noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga hos oss!



Arbeidsoppgåver

Oppgåvene kan variere, men ordinære oppgåver for en helsesekretær/sekretær hos oss er:

  • Ekspedering av pasientar og koding av konsultasjonar
  • Direkte pasientkontakt per telefon eller ekspedisjon
  • Dokumenthandtering
  • Posthandtering
  • Makulering og andre forefallende kontorrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ønskjeleg, men det er ikkje eit krav for denne stillinga
  • Ønskjeleg med relevant erfaring
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i ein aktivt arbeidskvardag
  • Du er fagleg engasjert og initiativrik
  • Du medvekar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, effektiv og ansvarsbevisst
  • Du er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål lastes opp og vedlegges søknad.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

inger Hargaut, Seksjonsleder, 71120000, Inger.Johanne.Hargaut@helse-mr.no

Arbeidssted

Herman Døhlensvei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4816003410

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Herman Døhlensvei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
353297695
Sist endret
22. mai 2024 05:22