Lege i spesialisering- Radiologi Ålesund og Volda

Arbeidsgiver
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering- Radiologi Ålesund og Volda
Frist
19.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Radiologisk avdeling Ålesund søkjer legar i spesialisering.

Vi har fleire kollegaer som er i Gruppe 1-teneste, og vi har no ledig 2 x 100 % fast stilling for lege i spesialisering innan radiologi. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting, oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar. Intervju av søkjarar gjerast fortløpande.
Ved evt. intern tilsetting kan det bli ledige vikariatstillingar.


Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8 er LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar.
Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt i legegruppa, både fagleg og sosialt.

Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetar. Kreftavdelinga ved sjukehuset i Ålesund er den einaste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokale inne i sjukehuset.

Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innan spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sykehus får du ein brei og solid fagleg base i spesialiseringsløpet! I tillegg til diagnostikk og intervensjonar på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der vi har samarbeid mellom radiologi og kirurgi. Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjonar (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forskning, og det er gode høve for å søke forskningsmidlar frå helseforetaket.


Ålesund og områda rundt utgjer eit eldorado av fjell og sjø, og kan by på varierte opplevingar på fritida. Det kan vere toppturar på ski på vinterstid, eller til fots om sommaren. Sjøen ligg nært og kan by på fine opplevingar sentralt, men også i områda rundt Ålesund.
Byen har også eit rikt kulturliv å by på. Både innan musikk, teater og litteratur er det større årlege arrangement, både i byen og i områda rundt.
Flyplassen vår ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, i både inn- og utland.
Sjå meir om byen og omland her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/alesund--geiranger



Arbeidsoppgåver

LIS ved radiologisk avdeling i Ålesund går 8-delt vakt, tilstadetid 24/7. Overlege er bakvakt med heimevakt på natt og heimearbeidsstad tilgjengeleg ved behov.
På dagtid roterar LIS mellom vakt, CT/MR, ultralyd, gjennomlysning og fordjupningsdagar ihht. avtale. Det er avsett tid til internundervisning i samarbeid med radiologisk avdeling Volda kvar veke. Rettleiar blir tildelt ved oppstart, og du får ein konkret opplæringsplan dei 2 første månedane før oppstart med sjølvstendige vakter.
Avdelinga har avtale med St.Olavs hospital og Oslo Universitetssykehus for gr.1-teneste. Det er også høve for å gjennomføre gruppe 1 ved andre universitetssjukehus.

Kvalifikasjonar

  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og lærevillig
  • Ha gode samarbeidsevner og medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med teamarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar som passar stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Tom Atle Solberg, Seksjonsleder, 97165755, Tom.Atle.Solberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 1

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4815511763

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
353297102
Sist endret
30. mai 2024 08:02