Inaktiv

Undervisningsstilling i norsk

Arbeidsgiver
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling i norsk
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.

Arbeidsoppgåver

Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning. Stillingane vil vera retta mot undervisning på studieførebuande og ulike yrkesfaglege utdanningsprogram.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4
Undervisningskompetanse innan fagområdet, minimum 60 stp.
Minimum utdanning på bachelornivå
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse
Erfaring frå undervisning.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer personar som er utviklingsorienterte og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg gode samarbeidsevner for å nå felles mål. Vi ønskjer kollegaer som har eit positivt elevsyn, som har gjennomføringsevne, som er reflekterte og som viser kreativitet.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Kari Silden Sølvberg, avdelingsleiar, 91753918

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4812270918

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353295842
Sist endret
21. mai 2024 05:55