Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeider

Arbeidsgiver
Avdeling for kulturtenester, Nissedal kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Frist
30.05.2024

Beskrivelse

Ungdomsklubben KEMFU lyser ut 56% fast stilling.

Ungdomsklubben er kommunal og ligg i Fleirbrukshuset i Treungen.

Den er open kvar onsdag, fredag og laurdag, med unnatak av heilagdagar og i juli.
Ungdomsklubben er ope for mellomtrinnselevar på onsdag, 7. klasse og ungdomsskule på fredag og ungdomsskule og vgs-elevar på laurdag.

Opningstider:

  • Onsdag: 13.30 – 17.30
  • Fredag: 17.00 – 22.00
  • Laurdag: 19.00 – 23.00

Det er ledig fast stilling på desse vaktene:

  • Kvar onsdag: 11% stilling
  • Kvar fredag: 16% stilling
  • Kvar laurdag: 13% stilling
  • Kvar laurdag: 13% stilling
  • Leiar for ungdomsklubben: 3% stilling

Det er to på jobb til ein kvar tid i ungdomsklubben.



Arbeidsoppgåver

Ungdomsklubben jobbar for eit rusfritt og inkluderande kreativt ungdomsmiljø. Det er lagt vekt på mange ulike aktivitetar ein kan halde på med og ein jobbar med å finne noko som kan passe til alle.

Kvalifikasjonar

Utdanning som fagarbeider innan barne- og ungdomsarbeid, eller relevant arbeidserfaring.

Personlege eigenskapar

  • Kreativ og glad i å jobbe med born og ungdom
  • Interessert i å utvikle ungdomsklubben til det beste for born og ungdom.
  • Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Anna:

  • Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Espelid, Kultursjef

Arbeidsstad

Solås 2

3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune



Referansenr.: 4815955202

Stillingsprosent: 56%

Fast

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Solås 2, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353295746
Sist endret
21. mai 2024 05:56