Rettleiar - prosjektstilling 

Arbeidsgiver
NAV Haram
Stillingstittel
Rettleiar NAV Haram - Prosjekt
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Vi søkjer ein moglegheitskoordinator!

Er du god på relasjonsbygging og har lyst til å jobbe i NAV?
Likar du å verte kjend med nye menneske og trivst med å finne nye løysingar saman med andre?
Høyrast det spennande ut med ein arbeidskvardag som inneber eit heilskapeleg perspektiv, kor ein vekslar mellom saksbehandling og oppfølging?

Er du glad i arbeidsdagar som sjeldan er like?
Då kan du vere den vi no er på søk etter!

NAV Haram har fått tildelt prosjektmidlar og søkjer no ein moglegheitskoordinator som skal følgje tett opp utsette barnefamiliar med samansette behov.
Som moglegheitskoordinator skal du vere bindeleddet mellom dei ulike tenestene i kommunen og bidra til at familiane oppnår aktiv deltaking i samfunnslivet gjennom arbeid, aktivitet eller utdanning. Du vil jobbe målretta med følgande problemstillingar og moglegheiter.

Nedkjempe fattigdomsproblematikk og forebygge utanforskap. Sikre trygg økonomisk styring og styrke familiar som ein heilheit
Ivareta barneperspektivet og retten barna har til ein verdig oppvekst. Finne moglegheiter i bustadsosiale problemstillingar (frå leige- til eige-prinsippet).
Utvikle samarbeidet med frivillige og ideelle organisasjonar, skape nye samhandlingsrutinar med interne og eksterne tenesteområder. Saman bidra til at fleire får stabil tilknyting til arbeid.

Prosjektet har ein varigheit på 3 år, med moglegheit for vidare drift.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Tett brukarkontakt med rettleiing, motivering og oppfølging gjennom fysiske og digitale møter, samt bruk av digital aktivitetsplan.
  • Prosjektarbeid med styring, rapportering og evaluering.
  • Utvikling av nye arenaer og metodikkar for å lykkast med prosjektarbeidet.
  • Vurdere tiltak og virkemiddel for å sikre moglegheiter for arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Kontakt og samarbeid med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar, behandlarar og andre kommunale tenester.
  • Råd og rettleiing av sosiale tenester
  • Oppfølging av eigen portefølje med maksimalt 10 familiar.
  • Samarbeid med andre i teamet ved NAV Haram.
  • Endring av arbeidsoppgåver ut frå utvikling i prosjektet

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning tilsvarande bachelor, gjerne innan samfunnsfag, sosialfag eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Rettleiingskompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førerkort klasse B

Det er ønskeleg at du har erfaring frå:

  • tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid med arbeidsgivar eller utdanningsinstitusjonar
  • sosialfagleg arbeid med vanskelegstilte individ / familiar
  • sakshandsaming og lovtolking
  • prosjektarbeid eller anna sjølvstendig arbeid.

Personlege eigenskapar

Det viktigaste for oss er at du har ei smittsam framtidstru om at alle menneske til tross for ulike utfordringar, har ressursar som kan nyttast i arbeid.

Det er elles ein fordel at du har:

  • Stor arbeidskapasitet og evne til å klare ein hektisk kvardag på jobb, vere fleksibel og omstillingsdyktig
  • Gode samarbeidsevner og stor fleksibilitet og evne til å handtere fleire sakar samtidig
  • Evne til å være ein teamspelar som også klarer å ta sjølvstendige grep og vurderingar
  • Evne til å jobbe effektivt, systematisk og heilskapleg, vere resultatorientert
  • Genuin interesse for menneske og ønske om å utgjere ein forskjell

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og spanande arbeids- og fagmiljø
  • Meiningsfylde oppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Moglegheit til å utvikle nye samarbeid og tenestetilbod
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter gjeldande tariffar
  • Gode pensjonsordningar
  • Jobb i ein av landets mest spanande kommunar.

Kontaktinformasjon

Arild Klokk-Jensen, Kontorleder NAV Haram, +47 98416100

Arbeidsstad

Brattvåggata 29

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4808718575

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Brattvåggata 29, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Omsorg og sosialt arbeid, Konsulent
FINN-kode
353295304
Sist endret
21. mai 2024 05:54