Inaktiv

Pedagogisk Psykologisk Rådgiver

Arbeidsgiver
Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
Stillingstittel
Pedagogisk Psykologisk Rådgiver
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Har du lyst til å jobbe i ein spennende og engasjerande fagmiljø? Haram PPT søker etter ein pedagogisk psykologisk rådgiver i 100 % engasjement for tiltreding snarast.
Stillinga er knytt til arbeidsoppgåver hovudsakeleg på grunnskuleområdet.


PPT i Haram kommune er ei aktiv teneste med engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. Vi har kontorplassering i Brattvåg sentrum. PPT skal hjelpe skulane og barnehagane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn/elevar med særlege behov og sørge for at det blir utarbeidd sakkunnige vurderingar der lova krev det.


Vi har fokus på inkludering og ønskjer å vere tett på våre samarbeidspartnarar i barnehage og skule. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet på det ordinære tilbodet samstundes som vi skal sikre barn og unge sine rettar. Vi tilbyr god fagleg breidde ved å jobbe i tverrfagleg samansatt team i Pedagogisk fagsenter.

Som tilsett i PPT er ein sikra ein variert og dynamisk arbeidskvardag der tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av jobben.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv



Arbeidsoppgåver

  • Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med skular og barnehagar for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod. Dette vil gjelde
    førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgjeving og
    støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid av føresette og skule/barnehage
  • Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid på barnehagar og skular, knytt til førebygging og tidleg innsats
  • Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid i eiga teneste

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde, men anna relevant utdanning og erfaring og kompetanse
    kan vurderast
  • Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid
  • Det er ønskjeleg at søkjar har aktuell test- og kartleggingskompetanse
  • Evne og vilje til å tileigne seg relevant fagkunnskap på relevante tema/fagområder
  • Erfaring frå arbeid i grunnskule er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i PPT vil vere vektlagt
  • Gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til IT-system og e-lærings verktøy
  • Den blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert og utviklingsorientert fagperson som set barnets beste i fokus
  • Du er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid
  • Du kan arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Du er eit positivt bidrag i arbeidsmiljøet
  • Du har evne og vilje til å tileigne seg relevant fagkunnskap på relevante tema/fagområder
  • Du har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Du har kjennskap til IT-system og e-lærings verktøy
  • Du har evne til å inspirere og motivere andre
    Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta

Vi tilbyr

  • Eit høgt fagleg nivå med rom for eigen utvikling og læring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt sosialt miljø med gode kollegaer
  • Spenande utfordringar både fagleg og sosialt
  • God rettleiing og oppfølging
  • Løn etter avtale
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Xenia Haceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899, xenia.haceaturean-aas@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4812955376

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.07.2024

Sluttdato: 28.02.2025

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
FINN-kode
353295283
Sist endret
21. mai 2024 06:20