Inaktiv

Dagleg leiar for SFO Bratteberg skule

Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Stillingstittel
Dagleg leiar for SFO Bratteberg skule
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er frå 01.08.2024 ledig 100 % fast stilling som dagleg leiar for skulefritidsordninga ved Bratteberg skule. Rektor ved Bratteberg skule har hovudansvar for skulefritidsordninga. Rektor kan delegere mynde til dagleg leiar for SFO, og dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta. Rektor er næraste leiar til dagleg leiar for SFO. Stillinga vil vere ein kombinasjon av administrasjonstid og arbeid i barnegruppa. Dette med bakgrunn i tal barn og behovet ved skulefritidsordninga.

Bratteberg skule er ein 1.– 7.-skule, og skuleåret 2024/2025 er det omlag 100 barn i SFO. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn, samt legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

Skulefritidsordninga ved Bratteberg skule held ope heile året, med unntak:
- 3 veker om sommaren
- Jule- og nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag
- 5 planleggingsdagar pr. år


Saman med helsestasjon, barnehage, barnevern, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Vi arbeider målretta for å oppfylle sektoren sin visjon: Volda kommune har trygge born, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik, sosialt tilhøyr og ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Vi søkjer ein dagleg leiar som både kan og vil identifisere seg med, og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE


Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju 6.juni. Referansar blir kontakta etter intervju.



Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde til dagleg leiar for SFO er mellom anna:
- den daglege drifta av SFO i samarbeid med rektor
- at drifta vert tufta på same verdiar som barnehagar og skular i Volda
- å gjennomføre administrative og pedagogiske oppgåver som rektor har delegert
- å utarbeide planar, vaktlister, skriv og orienteringar av ulike slag osv.
- aktivt samarbeid med andre SFO-leiarar
- oppfølging av barna
- å gjennomføre planlagte aktivitetar

Kvalifikasjonar

- 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning
- kjennskap til lov, forskrift og avtaleverk som er relevante for skulefritidsordninga si verksemd
- gode IKT-kunnskapar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Den daglege leiaren vi søkjer etter:
- er ein aktiv og engasjert leiar som er opptatt av barna sin trivsel og utvikling
- er omsorgsfull, omgjengeleg og er ein god relasjonsbyggar
- har gode samarbeidsevner
- har evne til å inspirere, involvere og motivere sine medarbeidarar
- er fleksibel, strukturert og planmessig i arbeidet
- er sjølvstendig og initiativrik
- har ein veremåte som medverkar til positivt omdøme for SFO, skulen og Volda kommune

Saman med kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar verte vektlagt.

Vi tilbyr

- spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- erfaringsdeling og god oppfølging
- ein kommune som ser verdien av å arbeide saman i eit godt tverrfagleg miljø for å sikre barn og føresette eit godt tilbod
- løn og arbeidsvilkår etter avtale

Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.
Det er prøvetid er 6 mnd.

Kontaktinformasjon

Line Homberset, fagkonsulent sektor oppvekst , 70058870 , line.homberset@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4814734239

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
353295198
Sist endret
21. mai 2024 05:52