Lærar 1-7

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vikedal skule
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer:

Lærar i 100% fast stilling med undervisning hovedsakeleg på mellomtrinnet på Vikedal skule frå 01.08.2024. Me søljer også lærarvikariat 100% stilling.

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 165 elevar. Vikedal skule ligg fint til i Vikedal med gåavstand til idrettshall og flott natur. Me har sosial læring og utviklig som fokusområde i utviklingsarbeidet vårt, og me treng deg som brenn for dette arbeidet.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me treng lærarar på mellomtrinnet i ulike fag som t.d. matematikk, engelsk, norsk, KRLE, samfunnsfag. Andre fag kan også vera aktuelle. Me treng også lærar på 1.-4.trinn som kan undervise i norsk, matematikk, engelsk og andre fag.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor til nyutdanna lærarar
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
353292599
Sist endret
28. mai 2024 02:04