60% fast stilling ved SFO

Arbeidsgiver
f.t. ved Kalvåg oppvekst, Bremanger kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
09.06.2024

Beskrivelse

Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen og skulen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.

Frå 01.08.24 er det ledig ei 60% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, kombinert SFO og skule, for tida ved Kalvåg oppvekst.



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Andre med relevant erfaring kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Frå hausten 2024 er barnehageprisen 1500 kr per månad, for barn nummer to vert det gjeve 30% søskenmoderasjon av betalingssatsen, for det tredje barnet og eventuelt fleire barn vert det gjeve 100% søskenmoderasjon av betalingssatsen. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-2 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985

Arbeidsstad

Kleivavegen 13

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4814736219

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sted
Kleivavegen 13, 6729 Kalvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353292519
Sist endret
27. mai 2024 10:37