Spanande stilling på Vikedal skule

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vikedal skule
Stillingstittel
Lærar og støttespelar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du god på relasjonsbygging og regulering? Tenkjer du litt utanfor boksen og er litt "handy"? Les vidare!

Me søkjer deg som er god på å hjelpa barn og ungdommar til å regulera seg, og som kan vera ein god støtte når skulekvardagen kan vera utfordrande for elevar. Me søkjer deg som har kompetanse i åtferdsutfordringar og som er god på å bygga relasjonar. Du kan ha med deg grupper ut i skog og mark og praktisk arbeid, og du kan også vera inne i klasserom som støtte i ordinær undervisning eller spesialundervisning. Me søkjer deg som greier å tenkje utanfor den berømmelige boksen og som ikkje er redd for å stå i utfordrande situasjonar.

Me vil gjerne ha deg som er utdanna lærar, og då er det 100% fast stilling me tilbyr, men har du kompetanse som er relevant for denne type arbeid er du også velkomen til å søkje, då blir det i utgangspunktet vikariat med mogleg fast stilling etter kvart.

Vikedal skule er ein 1-10 skule med 165 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som kan sjå heile eleven, sjå bak åtferd, og som kan vera ei hjelp og støtte til kollegane dine.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me treng lærar som kan ha oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og som kan vera ein ressursperson for andre tilsette. Du kan også ha spesialundervisning med elevar som treng det, og du kan jobba både på barnetrinn og ungdomstrinn. I all hovudsak er du god på regulering og det å kunne jobbe praktisk og i tråd med læreplanen. Du er med i støtteteamet på skulen som kan bistå lærarar og fagarbeidarar når det er ulike sosiale utfordringar ein står i. Du er også med i ulike møte saman med føresette og er ei støtte til kontaktlærarar.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må vera god på å samarbeida med andre og vera ein ressurs inn mot andre lærarar og fagarbeidar. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Det er ein fordel om du har god kunnskap om ulike diagnosar som t.d. ADHD. Du må vera ein varm og autoritativ vaksen som likar å vera saman med barn og ungdom som har ulike utfordringar slik at ein kan hjelpe elevane inn i fellessskapet og bli inkludert på ein god måte.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar. Du er roleg og regulert og er ein person som det er lett å prate med for elevane. Du er litt "handy" og ikkje redd for å ta i eit tak. Du er glad i å vera ute og du er god til å tilrettelegge for praktiske og varierte undervisningsopplegg både ute og inne.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor til nyutdanna lærarar
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353292152
Sist endret
16. mai 2024 01:26