Inaktiv

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Lærar. Me har ledig inntil 200 %, fast og vikariat ved Ølen skule, stillinga er ledig frå 1.august 2024

Hovudarbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for fag på 3.- 10.klasse
  • Mogleg kontaktlæraransvar
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Andre kanditatar med annen kompetanse/erfaring kan og søke. Tilsetting blir då mellombels
  • Fagønsker: engelsk, naturfag, kroppøving, norsk, matematikk
  • Ha gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert og systematisk
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 300 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353291836
Sist endret
16. mai 2024 01:45