Miljørettleiar Voss ungdomsskule

Arbeidsgiver
Voss herad Voss ungdomsskule
Stillingstittel
Miljørettleiar
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Voss ungdomsskule er ein 8-10 skule med omlag 540 elevar og 90 tilsette. Me ligg sentralt på Vossevangen.

Våre elevar skal oppleve eit inkluderande skulemiljø der dei kan utvikla sine talent og interesser i samband med andre elevar.
Me ser etter personar som har eit brennande engasjement for barn og unge, og som ynskjer å bidra til å gjere ein forskjell for elevane våre

  • Voss ungdomsskule har ledig inntil fire mellombelse stillingar for skuleåret 24/25 som miljørettleiar. Stillingane utgjer 100%, fylgjer skuleruta og har derav 11% reduksjon i lønn.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
  • Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
  • Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
  • Hjelpe elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutta blir best mogleg
  • Fagarbeidar må vere fleksibel i arbeidet, og kunne gå inn i andre oppgåver og arbeid med andre elevar om det oppstår behov for det
  • Vere ein omsorgsfull rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Vernepleier, barnevernspedagog eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Fagarbeidar med relevant fagskuleutdanning kan bli vurdert
  • Erfaring frå arbeid med barn med autismediagnose er ynskjeleg

Personelge eigenskapar

  • du er ein varm, trygg og tydeleg vaksen
  • har evne til å sjå og ivareta elevane sine behov
  • tar initiativ og ansvar, er løysningsorientert og fleksibel
  • har gode samarbeidsevner

Me tilbyr

  • løn og arbeidsvilkår etter avtaleverk
  • ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Olavsvegen 5, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353287558
Sist endret
16. mai 2024 01:00