Inaktiv

Førebyggar søkjast!

Arbeidsgiver
ÅLESUND - Avsnitt for etterretning og førebygging, Møre og Romsdal politidistrik
Stillingstittel
Førebyggar søkjast!
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer deg som har lyst til å bidra i vidareutviklinga av det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt!

Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat som operativ førebyggar hos avsnitt for etterretning og førebygging ved Ålesund politistasjon. Vikariatet har anslått varigheit på sju månedar med moglegheit til forlenging.

Som førebyggar vil du inngå i et avsnitt som består av tilsette med fleire ulike roller, mellom anna politikontakt, etterretning, operativ førebygging og førebyggande risikoanalytikarar. Oppgåvesettet er breitt og variert som krev at du handterer høgt arbeidspress, forventningar og ansvar og at ein evner å omstille seg i ein hektisk arbeidskvardag.

Det vil bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og har relevant erfaring. Ungdomskriminalitet er ein av politidistriktet sine satsingsområder og vil vere ein stor del av det kriminalitetsførebyggande arbeidet. Vi søkjer deg som er motivert for å utgjere ein forskjell og som er villig til å strekke deg langt for å oppnå dei måla vi set for avsnittet i det kriminalitetsførebyggende arbeidet.

Er du også samfunns- og utviklingsorientert, har gode kommunikasjonsevner, liker å jobbe sjølvstendig men også saman med andre på avsnittet, og utadretta i tverretatlege team, så kan dette vere rette stillinga for deg.

Avsnittet er plassert ved seksjon for etterforsking, etterretning og førebygging i geografisk driftseining Sunnmøre, med oppmøtestad i Ålesund. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, tre etterforskingsteam, straffesaksansvarleg, TA-ansvarleg, krimvakt, publikumsmottak og avsnitt for etterretning og førebygging. Avsnittsleiar er nærmaste leiar med personalansvar for tilsette under avsnitt for etterretning og førebygging. Avsnitt for etterretning og førebygging har i dag eit positivt og inkluderande fagmiljø med fokus på kvalitet i arbeidet som blir utført. Samarbeid, læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast.



Arbeidsoppgåver

  • Operativ- og kunnskapsbasert førebygging med fokus på oppsøkjande og relasjonsbyggande arbeid
  • Svare ut aktuelle informasjonsbehov og gjennomføre prioriterte kriminalitetsførebyggande tiltak
  • Personorientert førebygging, medrekna bekymringssamtalar, avklaringssamtalar og politikontakt i ungdomsoppfølgjing og ungdomsstraff
  • Foredrag og informasjonsverksemd
  • Pårørandekontakt
  • Tverrfagleg samarbeid/samhandling med andre aktørar
  • Bistå med produksjon av etterretningsprodukt
  • Mediehandtering og bidrag til politiet sin nettpatrulje
  • Førebyggande arbeid opp mot offentlege verksemder
  • Andre oppgåver må påreknast etter behov på avsnittet

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Politiskolen/Politihøgskolen
  • Gode kunnskapar om politiet sine datasystem
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjent
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Erfaring og/eller vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging er ein fordel
  • Erfaring med førebyggande arbeid opp mot offentlege verksemder er ein fordel
  • Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan etterretning
  • God kunnskap om kunnskapsbasert og kriminalitetsførebyggande arbeid og metodikkar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Erfaring frå personorientert førebygging, herunder bekymringssamtalar, avklaringssamtalar og politikontakt gjennom ungdomsoppfølging og ungdomsstraff

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og har gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner både internt og eksternt
  • Sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar, spesielt med barn og unge
  • Forståing og motivasjon for kunnskapsbasert politiarbeid, etterretning og førebygging som hovudstrategi
  • Sjølvstendig med høg gjennomføringsevne
  • Fleksibel, utviklings- og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Fast stilling eller vikariat som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf.
  • Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 540 500 til kr. 624 500
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 480 900 til kr. 516 800
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 448 900 til kr. 509 300
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området.
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Daniel Langøyli Ludviksen, Avsnittsleiar, 40445916

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4814583523

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Sikkerhet
FINN-kode
353287340
Sist endret
16. mai 2024 01:12