Vernepleiar og fagarbeidar Udlabu

Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Stillingstittel
Er du vår nye kollega på Udlabu?
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentralt på Voss og har fine, nye tilrettelagte omsorgsbustader. Udlabu har 20 einingar som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert med eigne bustadar knytt til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsnedsettingar. Eininga har ca. 27 årsverk. Me har fokus på å tilsetja god fagkompetanse

Me har no ledig:

  • 100 % fast stilling som fagarbeider med relevant utdanning
  • 100 % fast stilling som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Turnusarbeid med 4.kvar helg langvakter, eller 3.kvar helg ordinære vakter.

Arbeidsoppgåver:

  • bistå bebuar i dagleglivet sine gjeremål
  • målretta miljøarbeid
  • medikamenthandtering
  • skapa tryggleik og struktur
  • delta saman med bebuar på fritidsaktivitetar
  • praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • tilsette skal vera ein støtte og rollemodell, med fokus på brukardeltaking, aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål, trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande.
  • alle som mottek tenester har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica.
  • du må kunna nytta dataverktøy og vil få opplæring

Kvalifikasjonar:

  • krav for stilling som fagarbeidar - relevnt fagbrev
  • krav for stilling som vernepleiar - bachelor i vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • gode faglege kunnskaper og kjennskap til relevant lovverk
  • tverrfagleg kompetanse
  • relasjonskompetanse
  • rettleiingskompetanse
  • ynskje om førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

  • Evne til å tileigna seg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Løsningsfokusert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunna arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk

Me tilbyr:

  • rekrutteringstillegg for vernepleiar?
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltredning i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hardangervegen 51, 5705 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
353287076
Sist endret
16. mai 2024 12:58