Sjukepleiar med fagsjukepleiarfunksjon 

Arbeidsgiver
Sikkerhetspost Valen, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar med vidareutdanning
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Eining for sikkerhetspsykiatri har ledig vikariat for sjukepleiar med vidareutdanning der delar av stillinga er knytta til fagsjukepleiarfunksjon.

Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har ansvar for å behandle pasientar frå Helse Fonna HF sitt opptaksområde. Pasientar som vert innlagt er underlagt tvungen psykisk helsevern etter §3.3/ §3.2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5 i lov om psykisk helsevern.

Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg psykisk sjuke pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personale og samfunnet for øvrig, er ei av dei viktigaste oppgåvene våre. Målsetjinga vår er å gje alle våre pasientar moglegheit til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tek omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.

Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Pasientane sine ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?



Arbeidsoppgåver

  • Som sjukepleiar er du ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet i posten
  • Sjukepleie og miljøterapi til pasientar som er innlagt på sikkerhetspost
  • Arbeide målretta for å styrke fagutvikling i posten og vere rådgjevar for funksjonsleiar vedrørande fag og fagutvikling for alle faggrupper som arbeider i posten

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Gode datakunskapar og evne til å handtere digitale verktøy
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider sjølvstendig
  • er tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
  • har evne til å halde framdrift i prosessar
  • er positiv, engasjert og initiativrik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • ryddig og strukturert

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke eller 5. kvar helg med 37,5 t/veke
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Monica Lindseth, Funksjonsleder, +47 53466483

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4814634090

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 10.08.2025

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
353286690
Sist endret
16. mai 2024 12:55