U05 Innsatsleiar

Arbeidsgiver
INDRE SUNNMØRE-Seksjon for vakt og beredskap, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
U05 Innsatsleiar
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Møre og Romsdal politidistrikt er det ledig to faste stillingar som innsatsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved seksjon for vakt og beredskap i Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt.

Innsatsleiar er politiet sin øvste leiar på taktisk nivå og leier politiet sitt innsats på eller ved staden der politiinnsats er nødvendig. Innsatsleiar skal koordinere innsatsen på staden mellom politiet og andre naudetatar (brann/helse) når dei opptrer saman i same oppdrag.

Innsatsleiar jobbar tredelt skift, på turnusliste.

Vi søkjer deg med gode leiareigenskapar som har evne å sjå moglegheiter, ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag og som skapar resultat i samhandling med andre.

GDE Sunnmøre omfattar totalt fire politistasjonsdistrikt, henholdsvis Ålesund, Ulstein og Hareid, Søre Sunnmøre og Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Stillinga ligg til Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, ved seksjon for vakt og beredskap. Seksjonen har to oppmøtestadar, Ulstein og Hareid politistasjon og Volda og Ørsta politistasjon, og er organisert i tre avsnitt med eigen avsnittsleiar. Ei av desse ledige stillingane har oppmøte på Ulstein og Hareid politistasjon, den andre på Volda og Ørsta politistasjon.

Vi oppfordrar kvinner til å søkje på stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, leie, koordinere og kvalitetssikre akutte og planlagde operative aksjonar på taktisk nivå, herunder også "politiarbeid på staden".
  • Planleggje og gjennomføre leiing ved større arrangement
  • Planleggje og gjennomføre innsatsleiing og kortesjeteneste ved VIP–besøk
  • Delta i å utarbeide, gjennomføre og evaluere operativt planverk og øvingar
  • Ha kjennskap til relevante rutinar, instruksar og planverk
  • Ansvar og deltaking innan tildelt fagfelt og utvikling av metode, herunder utvikle politidistriktets tiltakskort på taktisk nivå
  • Delta i arbeidsgrupper og metodegrupper
  • Aktiv samarbeidspart i relevante operative leiarforum i distriktet
  • Vere med å utvikle ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
  • Kontakt med media i samband med større operative hendingar
  • Bidra med helse, miljø og sikkerheit på eiga seksjon, og sørge for å kvalitetssikre at HMS–arbeid blir ivaretatt før, under og etter oppdrag, jfr. HMS-regelverket i politidistriktet
  • Planleggje og gjennomføre defuse/debrief etter alvorlege hendingar i medhald av PBS I
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Relevant erfaring frå operativ tjeneste i minimum fem år
  • Søkjar må vere IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
  • Godkjend som utrykningssjåfør eller kunne få slik godkjenning
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • God IKT-kompetanse og kjennskap til politiet sine IKT-verktøy
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG

Ønskeleg

  • Gjennomført innsatsleiarstudium er ein fordel
  • Gode kunnskapar om politidistriktet sitt plan- og instruksverk
  • Kurs i operativ leiing eller tilsvarande
  • Innsikt i kunnskapsstyrt politiarbeid og politiarbeid på staden
  • Anna relevant erfaring frå politiet

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag
  • Evne til å motivere og skape resultat i samhandling med andre, spele andre gode
  • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teambygging
  • Evne til å tenkje klart i ein hektisk arbeidshverdag, og leie andre gjennom det samme
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme polititenestene for framtida
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som innsatsleiar er lønna frå lønnstrinn frå kr. 635 400,- til kr. 679 700,- pr. år. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Frode Halse Digernes, Seksjonsleiar, 402 82 058

Arbeidsstad

Torvmyrane 11b

6160 Hovdebygda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4807283445

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 30.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Torvmyrane 11b, 6160 Hovdebygda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Sikkerhet
FINN-kode
353286619
Sist endret
16. mai 2024 01:15