Prosjektleiar småjobbsentral

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Sektor for helse og omsorg
Stillingstittel
Prosjektleiar småjobbsentral
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Superhelt søkast!

Er du klar for å hoppe i telefonkiosken, ta på deg kappa og bli vår nye superinspirator for framtidige heltar? Vi ser etter den rette personen til det ærefulle oppdraget å leie småjobbsentralen ved Svingen! Eit heilt nyskapande tilbod i Herøy!

Vi er i ferd med å etablere eit nytt dagaktivitetstilbod for menneske i alle aldrar. Tilbodet har fått namnet Svingen, med bakgrunn i gateadresse.

Ved Svingen skal det også vere ein småjobbsentral. Til dette har vi fått økonomisk støtte for dei tre neste åra, og vi jobbar saman med forskingsmiljøet for å gjere det best mogleg. Målsetting med tilbodet er å forebygge utanforskap for aldersgruppa 0-25 år.

Småjobbsentralen skal, i tett samabeid med andre, jobbe målretta for å fange opp elevar, ungdom og unge vaksne som av ulike årsaker fell utanfor skule og arbeidsliv. Tiltaket vil kunne gi personar i faresona for varig utanforskap moglegheita til å gjere noko aktivt, gjere noko ilag med andre og gjere noko som gir meining og meistring.

Stillinga er ledig for umiddelbar tilsetting, med arbeidstid kvardagar 08-16. Vi har fått stønad til prosjektet til utgangen av 2026. Det er moglegheit for forlenging eller fast tilsetting dersom rammene opnar for det.



Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du arbeide tett på det einskilde barnet eller ungdommen, samtidig som du på lagar rammene for eit heilt nytt tilbod. Dette betyr blant anna at du skal

  • rigge småjobbsentralen fram mot opning med alt det inneber
  • samarbeide tett med forskningsmiljøet på NTNU for å kartlegge gevinstar av prosjektet
  • legge til rette for godt samarbeid med relevante samarbeidspartar
  • legge til rette for, og koordinere, småjobbar frå innbyggarar og potensielt også næringsliv
  • jobbe målretta med å finne kandidatar, finne ressursane deira og knyte det opp mot småjobbar i nærmiljøet
  • styrke den einskilde si kjensle av meistring, med mål om å auke skule- og arbeidsnærvær

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har

  • bachelor innan pedagogikk, helsefag, folkehelse eller anna relevant høgare utdanning
  • erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne
  • erfaring med å rettleie og organisere aktivitetar

Det er fint om du har erfaring frå motiverande intervju eller tilsvarander metodar.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt. Du må

  • evne å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • vere ein god organisator
  • vere sterk på motivasjon og inspirasjon
  • skape gode relasjonar til dei rundt deg
  • ha god digital kompetanse

Vi tilbyr

  • ei sentral rolle i utvikling av eit nyskapande tilbod
  • moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • eit dynamisk og støttande arbeidsmiljø
  • konkurransedyktige vilkår

Kontaktinformasjon

Gro-Anette Frøystad Voldsund, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 90802649

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4808975180

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 03.06.2024

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 03.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
353284447
Sist endret
16. mai 2024 12:55