Vikar Bokn bibliotek

Arbeidsgiver
Bokn kommune Oppvekst
Stillingstittel
Vikar Bokn bibliotek/Bokn skulebibliotek
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Går du med eit ønskje om å vere bibliotekar? Me treng ein ringevikar/ferievikar til Bokn bibliotek. Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek, og samarbeider tett med skulen.

Bokn bibliotek ligg sentralt plassert i Føresvik i Bokn i same del av skulebygget som ungdomsskulen. Rundt skulen er andre offentlege tenester som barnehage, helsestasjon, legesenter, sjukestova og øvrige helse- og omsorgstenester samt Bokn kommune sin administrasjon plassert. Biblioteket har derfor ei sentral plassering i kommunen, og har og ei viktig rolle i lokalsamfunnet som både kulturinstitusjon og møteplass.

Kven ser me etter

Du må jobbe sjølvstendig, men og kunne samarbeide tett med andre tilsette i kommunen sine einingar. Du må vere engasjert, fleksibel og kunne hoppe inn på kort varsel. Det er ein fordel om du kjenner til biblioteksystemet bibliofil, men det er ikkje påkravd. Me tenker at det er flott om du har eit engasjement for leselyst, gode leseopplevingar, særleg retta mot barn og unge. Du må vere oppteken av å gi bibliotekbrukarane god service og gi besøkande ei god oppleving.

Som vikar må du kunne utføre mellom anna desse oppgåvene

- Dagleg drift av biblioteket

- Samarbeid med andre einingar i kommunen

- Bidra med å organisere og gjennomføre opne arrangement/verkstad/lesestunder, og på kveld og i helger

Personlege eigenskapar

- Tydeleg, strukturert og tørre å ta initiativ

- Evne til å jobbe sjølvstendig

- Handtere utfordringar og være god på samarbeid

- Trivast med barn og unge, og inneha fleirkulturell forståing

Som arbeidsgjevar kan me tilby

Gode velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Lønn i tråd med lokal lønnspolitikk.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden, men kopier av desse må leverast inn dersom ein blir kalla inn til intervju.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Kundeservice
FINN-kode
353282485
Sist endret
16. mai 2024 12:36