Lærar i grunnskulen

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Lærar i grunnskulen
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Me har inntil 4 ledige faste 100% stillingar som lærar ved Aurland barne- og ungdomsskule (inntil 2 stillingar) og ved Flåm skule (2 stillingar) frå 01.08.24. Det er fint om du opplyser kva skule du ynskjer å jobbe ved.

Grunnskulane våre er fordelt på to avdelingar i kommunalområde oppvekst, i tillegg til Aurland barnehage, Flåm barnehage, skulehelsetenesta og Aurland og Lærdal barnevern.

Aurland barne- og ungdomsskule har om lag 125 elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar.

Flåm skule er ein liten skule med om lag 20 elevar frå 1. - 7. klassetrinn. Dette er ein fådelt skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.

Begge skulane arbeider kontinuerleg for å betre elevane sitt læringsmiljø og for å styrke elevane sin faglege og sosiale kompetanse.

Me arbeider for at alle elevane skal oppleve meistring, ha ei positiv utvikling og tru på seg sjølv. Me jobbar aktivt for at skulane skal ha ein høg fagleg kvalitet og tydeleg verdiprofil.

Skulane har eit godt kvalifisert personale med brei kompetanse som set oss i stand til å møte mange ulike utfordringar i ein samansett skulekvardag.


Arbeids- og ansvarsområde
  • undervise
  • planlegge, gjennomføre og vurdere ei variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet og god progresjon
  • bidra i fellesskapet vårt om felles kompetanseheving og planlegging av undervisning
  • gjere bruk av ulike digitale verktøy som fell naturleg i undervisning, kartlegging eller andre oppgåver
  • samarbeide med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • delta aktivt i å skape eit trygt og godt læringsmiljø

Stillinga kan innebere kontaktlærarfunksjon.


Kvalifikasjonar
  • Adjunkt eller høgare, basert på grunnskulelærarutdanninga (GLU 1 - 7 og / eller GLU 5 - 10) eller PPU i relevante fag
  • Det er ynskeleg med fagkombinasjon i engelsk og norsk

Personlege eigenskapar
  • du er god på relasjonar, samarbeid og samhandling med elevar, i heim-skule samarbeidet og andre samarbeidspartnarar
  • du er ein entusiastisk og inspirerande lærar
  • du er ein trygg, reflektert og tydeleg klasseleiar
  • du er ein fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert lærar og kollega i profesjonsfellesskapet

Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.


Me tilbyr

Å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass, der arbeidsmiljø står i sentrum. Du vert ein del av den felles kompetansehevinga som skulane har, der me som kollegium lærar i lag.

  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter tariff
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • gratis inngang til symjehallen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • hjelp til å skaffe jobb til partnar

Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest etter opplæringslova må leverast før du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Vangen 1, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
353280806
Sist endret
16. mai 2024 12:21