Inaktiv

Utdanningskoordinerande overlege HMR HF

Arbeidsgiver
Spesialutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Utdanningskoordinerande overlege HMR HF
Frist
01.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å organisere og utvikle LIS-utdanning i Helse Møre og Romsdal?

Vi søkjer ein motivert lege med eit brennande engasjement og interesse for utdanning til funksjonen som utdanningskoordinerande overlege i helseforetaket.

For meir informasjon, sjå gjerne vår artikkel på INNSIDA om dette her.
Helse Møre og Romsdal har som utdanningsverksemd overordna ansvar for fagleg innhald og praktisk gjennomføring av spesialistutdanning av legar i alle våre 31 spesialitetar i tillegg til LIS 1. Dette skal sikre at LIS får gjennomført si utdanning med god fagleg kvalitet innanfor ei akseptabel tidsramme og i samarbeid med andre foretak.

I rolla som UKO kan HMR tilby deg breie moglegheiter for kompetanseheving, eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø i samarbeid med kliniske miljø, fagavdelinga og leiargruppa, samt med konkurransedyktig løn.

Stillinga er ledig frå snarast, og startdato kan avtalast. Arbeidsstad kan vere på ein av våre lokasjonar.

Vi ber om at attestar og tjenestebevis vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Vi ser fram til å høyre frå deg.



Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene vil vere det daglege ansvaret for å ivareta og utvikle vidare LIS-utdanninga i helseforetaket, frå LIS1 til ferdig spesialist, innanfor lokale, regionale og nasjonale krav og ønsker. For LIS 1 vil du i tillegg få ansvar for gjennomføring av introduksjonskurs og det faglege innhaldet i deira utdanningsløp i samarbeid med aktuelle avdelingar. I samarbeid med dei kliniske miljøa skal du sikre god fagleg kvalitet i dei respektive spesialiseringsløpa for LIS 2/3. Både regionalt og nasjonalt er det etablert jamnlege faste møtepunkt med utdanningskoordinerande overlegar i regionen og regionalt utdanningssenter som du vert inkludert i. Du må rekne med noko reiseverksemd i foretaket for å møte dei kliniske miljøa og leiarar, samt noko reise regionalt for møte med dei andre foretaka i vår region og samarbeid med Regionalt utdanningssenter. Du rapporterer til utdanningssjefen, men har ei fagleg linje også til medisinsk fagsjef og fagdirektør.

Kvalifikasjonar

  • Du må vere overlege og spesialist med god kjennskap til spesialisthelsetenesta generelt og Helse Møre og Romsdal spesielt
  • Interesse, engasjement og formell kompetanse innan utdanning, rettleiing, pedagogikk og forsking vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig og arbeider systematisk
  • Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Du er flink til å motivere, engasjere og inkludere kollegaer - ein god relasjonsbyggar med gode samarbeidsevne i team

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Størrelse på stillinga kan vere mellom 70-100% alt etter dine ønsker og
    moglegheiter
  • Moglegheit for kompetanseheving
  • Engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø med samarbeid både med resten av
    fagavdelinga, leiargruppa, kliniske miljø i foretaket og regionale fora
  • Konkurransedyktig løn
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og
vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i
Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv
med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit
framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Guro Berge, Utdanningssjef, 90 51 31 95, Guro.Berge@helse-mr.no

Ingeborg Henriksen, UKO, 90 50 45 88

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4810987499

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Ledelse
FINN-kode
353280422
Sist endret
16. mai 2024 12:20