Kultur- og idrettskonsulent

Arbeidsgiver
Ål kommune Kulturhuset
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å bidra til vekst og utvikling i lokalt kultur- og idrettsliv? Er du god på å skapa struktur, byggje nettverk og ha mange ballar i lufta samtidig? Da er kanskje dette ein stilling for deg!

Ål kommune er no på utkikk etter ein engasjert og motivert kultur- og idrettskonsulent til ein 80% fast stilling, fordelt over felta; idrett, frivilligheit og kultur.

Ål er kulturkommunen i Hallingdal og vi har eit aktivt og mangfaldig organisasjonsliv som legg stor vekt på både kultur og idrett. Stillinga som kultur- og idrettskonsulent er om lag todelt når det gjeld drift og utvikling, og her er det rom for nytenking. Vi ønskjer å finne nokon som vil vere med på å utvikle og drive stillinga vidare.

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:

  • Styrke Ål kommune sin posisjon som kultur- og arrangementskommune ved å utvikle samhandling innan kultur og idrett.
  • Ha ansvar for søknader knytt til spelemidlar og gje råd til eigarane av idrettsanlegg.
  • Styrke samhandling med Ål idrettsråd, Ål musikkråd, Ål arrangementsforum og Ål Stibyggarlag.
  • Samspill med politikken, herunder følge opp vedtak, utrede og saksbehandle innenfor fagfeltet.
  • Nærvær, representasjon og deltaking i kultur og idrettsmiljøet.
  • Oppsett av treningstider i idrettshallen.
  • Samarbeide med kultursjefen om drifts- og utviklingsprosjekt.
  • Samarbeid med Frivilligsentralen og arbeid med det frivillige.
  • Du skal fasilitere og leggja til rette for at lag og organisasjonar kan utvikla og utfolda seg vidare.
  • Både kulturplan, temaplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og frivilligstrategien skal reviderast ila 2025 og her har konsulenten eit stort ansvar.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid.
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til arbeid i offentleg sektor med sakshandsaming og fagsystem.
  • Det er fordel om du har kjennskap til program for utarbeiding av rapportar, presentasjonar og design.
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til bruk av sosiale medier.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevnar.

Vi ser etter deg som:

  • Har evne til å arbeida sjølvstendig, men også i tett samarbeid med kultursjef.
  • Er omgjengeleg, nysgjerrig og oppteken av å oppnå resultat.
  • Er tillitsvekkande og god på å skapa nettverk.
  • Er ein teambyggjer og ein lagspelar.
  • Evnar å tenkja langsiktig og strategisk.
  • Er trygg på å snakka framfor folk og kan vere med å planleggja ulike arrangement og kurs.
  • Er strukturert og sjøldreven.
  • Har kjennskap til eksterne tilskotsordningar og evnar å bistå med å skrive gode søknader.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby:

  • Ein unik jobbmoglegheit i ei sterk kultur- og arrangementkommune.
  • Fleksibel og variert arbeidskvardag. Det må påreknast noko uregelmessig arbeidstid (kveld og helgar).
  • Høve til å skape din eigen arbeidsplass.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovudtariffavtalen.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Intervju vil skje fortløpande.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ledelse, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
FINN-kode
353277832
Sist endret
16. mai 2024 11:52