Inaktiv

Barnevernskonsulent

Arbeidsgiver
Barn, familie og helse, Giske kommune
Stillingstittel
Barnevernskonsulent
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har ledig fast 100 % stilling som barnevernskonsulent frå 01.09.2024. I tillegg har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling frå snarast og t.o.m. 31.03.2025. Oppgi i søknaden dersom du ikkje søkjer begge stillingane.

Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommunen, med fokus på barnets beste og tidleg innsats.

Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund. Barnevernstenesta i Giske har 6 tilsette, der avdelingsleiar er næraste overordna og barnevernsleiar i kommunen. Vi har eit høgt fagleg fokus og fleire tilsette i tenesta har gjennomført ulike vidareutdanningar og har sertifisering i foreldrerettleiingsprogramma COS-P og ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling.

Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med saker etter lov om barnevernstenester, t.d. mottak av meldingar, undersøkingssaker, førebyggjande barnevernstiltak og førebuing av fylkesnemndsaker. Det kan òg bli tillagt andre oppgåver.
  • Rettleie foreldre, med særleg fokus på å støtte opp om foreldrerolla, styrke samspel og betre kommunikasjon i familiar.
  • Samtale med barn, ungdom og foreldre.
  • Samarbeid med instansar rundt barna og familiane.

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse.
  • Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg.
  • Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.

Personlege eigenskapar

  • Du er kreativ og utviklingsorientert.
  • Du er engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta.
  • Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid.
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
  • God på kommunikasjon og samhandling.

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Vidar Nytun, Avdelingsleiar barnevern, 41701933

Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4814010950

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 03.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog
FINN-kode
353276720
Sist endret
16. mai 2024 11:51