Fagsykepleier

Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fagsykepleier
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Akutt psykisk helse Ålesund har ledig ei fast 100 % stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar med
funksjon som fagsjukepleiar. Oppstart 2. september.
Ved evt internt opprykk kan annan stillingsprosent bli ledig.

Dette er ein administrativ funksjon der ein vil ha meiransvar for fagleg utvikling i seksjonane; Akutt psykisk
helse team A og B. Fagsjukepleiar er ein viktig støttespelar for seksjonsleiarane som skal drive den faglege
utviklinga innan akuttpsykiatri.

Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to seksjonar, A og B. Stillinga er knytt til begge (50 % i kvar seksjon). Akutt psykisk helse Ålesund tek imot pasientar som treng
øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som
treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med
førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, psykolog, LIS 1 og LIS 3,
vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Seksjonane skal samlast til ein seksjon i løpet av våren 2025.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består elles av 4 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Sikre at praksis og prosedyrer er kunnskapsbasert
  • Vere pådrivar for å utvikle og kvalitetssikre klinisk sjukepleie og bidra til god fagleg dokumentasjon. Spesielt knytta til Helseplattformen
  • Bidra i strategisk kompetanseplanlegging. Skaffe seg oversikt over aktuelle kurs, utdanningar m.m.
  • Drive fagutvikling i seksjonane
  • Systematisere, dokumentere og følge opp fagutvikling ved bruk av kompetanseplanar(Kompetanseportalen)
  • Oppfølging av studentar og nytilsette
  • Saman med MAP-koordinator ha ansvar for å planlegge kurs og vedlikehaldstreningar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ynskjeleg med vidareutdanning innan relevant fagområde(psykisk helse, rus eller tilsvarande)
  • Ein må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide kunnskapsbasert
  • Relevant klinisk erfaring
  • Fagleg engasjement og evne til å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Gode grunnleggande datakunnskapar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø, kunne gje og motta kollegastøtte
  • Stillinga vil innebere oppgåver knytta til MAP. Ein forventar at fysisk form er god nok til dette.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.no

Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, 70106561, erik.sletten.helgesen@helse-mr.no

Arbeidssted

Ålesund sjukehus

6026 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4814716146

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
353273851
Sist endret
16. mai 2024 11:39