Inaktiv

Helsefagarbeidar ved Skodje omsorgssenter

Arbeidsgiver
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar ved Skodje omsorgssenter
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Skodje omsorgssenter har vi ledig 85 % fast stilling som helsefagarbeidar. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 2.helg.

Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, tre somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.

Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss.

Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I
nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir
utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheten, både på Digernes, Moa
og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og
ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og
kultur, kor osv.

Ved evt. intern tilsetjing kan andre stillingsprosenter bli ledige.



Arbeidsoppgåver

  • Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling for personar med demens
  • Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga
  • Rettleiing, samarbeid og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Det stillast krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)

Personlege eigenskapar

  • Positiv og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode evner til sjølvstendig arbeid. Vi reiser hovudsakleg ut til brukarane sjølvstendig, men må også i enkelte situasjoner arbeide i team
  • Du likar utfordringar og tek initiativ til å løyse dei
  • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
  • Du er med på å skape eit godt og profesjonelt fagleg miljø i avdelinga
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjonsordninger
  • Eit godt arbeidsmiljø med takhøgde og plass til alle
  • Eit spanande arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Fagleg dyktige kollegar som gjer kvarande gode

Kontaktinformasjon

Marthe Kvale, Konstituert avdelingsleder Skodje omsorgssenter, 917 86 893, Marthe.Kvale@alesund.kommune.no

Marianne Brandal, Avdelingsleiar Skodje omsorgssenter, 917 86 893

Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Ådalsbakken 6

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4812381385

Stillingsprosent: 85%

Fast

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sted
Ådalsbakken 6, 6260 Skodje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
353272600
Sist endret
16. mai 2024 11:32