Inaktiv

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Årdal barnehage
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar 40 % vikariat
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bli vår nye medarbeidar? I Årdal barnehage er det ledig 40 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.24 - 31.07.25.

I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar (Hjelmelandsbarnehagen). Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.

Årdal barnehage er ein barnehage i utvikling, og me søkjer deg som brenn for faget, og som gjennom ditt engasjement og faglege grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- legge til rette for leik, læring og utvikling
- delta aktivt i arbeidet med barna inne og ute
- vere ein god rollemodell
- medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon
- bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar utan ynskja fagutdanning kan også søkje
- erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
- god norskspråkleg kunnskap, både skriftleg og munnleg. Minimum B1

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein barnehage som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Melevegen 123, 4137 Årdal i Ryfylke
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353270655
Sist endret
16. mai 2024 07:22