Inaktiv

Ungdomsklubbarbeidarar

Arbeidsgiver
Kultur og fritid, Kommunalområde Samfunn
Stillingstittel
Ungdomsklubbarbeidarar
Frist
05.06.2024

Beskrivelse

Driftseininga Ung i Ålesund har eit breitt kultur- og fritidstilbod til ungdom mellom 13 og 26 år under mottoet «høg kvalitet, lav terskel». Eininga har fleire fysiske møtestader rundt om i kommunen: ungdomsklubbar på Harøya, Skodje og Sjøholt og Kreativ Hub i Ålesund sentrum. I tillegg har vi kreative aktivitetar på ulike lokasjonar. Vi er i ein fase der vi legg om tilbodet i Ålesund sentrum og Moa-området, og til ungdomshuset vi skal opne på Moa søker vi etter engasjerte


ungdomsklubbarbeidarar


5 x 50% stillingar, turnus med arbeid på ettermiddag/kveld og kvar 3. helg.



Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg vaksen i møte med ungdommane
  • Delta i arbeidet for å legge til rette for eit trygt, inkluderande og relevant miljø for ungdommane
  • Delta i utviklinga av tilbodet på ungdomshuset
  • Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar
  • Arbeide for å inkludere ungdom med ulik bakgrunn og føresetnader
  • Etablere god dialog med og relasjon til ungdommane
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid
  • - Praktiske oppgåver innanfor Ung i Ålesund
    - Vere ein god representant for Ung i Ålesund

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på fagbrevnivå eller god og allsidig erfaring innan feltet
  • Erfaring frå arbeid med ungdom, helst frå ungdoms- eller fritidsklubb
  • Kunnskap om og erfaring frå fritidsfeltet, rus, psykiatri og/eller aktivisering
  • Fleirkulturell forståing
  • Innsikt i ungdomskulturar, for eksempel kjennskap til sosiale medier og ungdoms nettbruk

Personlege eigenskapar

Den vi søker

  • trivst saman med ungdom
  • har engasjement for arbeid med ungdom
  • er utadvent og god på å bygge relasjonar med ungdom
  • er positiv og initiativrik
  • er fleksibel og taklar at dagane er lite forutseielege
  • har gode kommunikasjonsevner og framstår som tillitvekkande, klar og tydeleg
  • leverer både i team og i sjølvstendig arbeid

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Lønn etter tariff

    Vi planlegg intervju i veke 24 og 25.

Kontaktinformasjon

Karina Sundby, Driftsleiar, 954 69 946

Anita Irene Nøringseth Øen, Avdelingsleiar, 450 12 242

Arbeidsstad

Vestmoa

Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn



Referansenr.: 4814759230

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 05.06.2024


Antall stillinger
5
Sted
Vestmoa, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353270002
Sist endret
16. mai 2024 08:36