Sævarhagen FUS barnehage søkjer pedagogisk leiar, fast og vikariat

Arbeidsgiver
Sævarhagen FUS barnehage as
Frist
02.06.2024

Beskrivelse

Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo mellom Leirvik og Rommetveit. Me jobbar med prosjektarbeid knytta til friluftsliv og nærmiljø. Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene.


Me søkjer pedagogisk leiar som etterlever FUS sine verdiar: Glødande, skapande og tilstadeverande


Ein 100% fast stilling med oppstart 01.08.2024.


Eit 100% årsvikariat fom medio september 2024, med mogelegheit for tidlegare oppstart.


Søknadsfrist: 02.juni 2024.



I FUS satsar me på høg og likeverdig kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at personalet utviklar seg saman med eigne kollegaer i tett samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. FUS har fokus på høgt nærvær som bidreg til at barna får ein trygg og god start. Fordi i FUS kjem barna først! Me har difor forventningar til våre tilsette. Kjenner du deg igjen?


Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?


Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og vegleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?


Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen, og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande situasjonar i eit heilskapleg perspektiv og finn løysingar på utfordringar?


Ja? Då er du FUS!


Arbeids - og ansvarsoppgåver vil mellom anna vere:


  • Dagleg og overorda administrativt og pedagogisk ansvar for din base
  • Ansvar for å gjennomføra og synleggjera pedagogisk utvikling på din base
  • Vere en del av barnehagen sitt leiarteam
  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn

Me tilbyd:


  • Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av Noreg sine største private barnehagenettverk
  • Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling innanfor satsingsområdet vårt "Barnet først!"
  • Mogelegheit til å vere med å utvikla barnehagen
  • Opplæring gjennom FUS skulen
  • FUS tariffavtale
  • Eigne FUS klede

Me ynskjer at du:


  • Er utdanna barnehagelærar
  • Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
  • Har eit stort engasjement for barnehagefaget og menneska du leier
  • Har ei grunnleggjende tru og fokus på utvikling av sterke relasjoner til kollegaer, føresette og samarbeidspartnarar
  • Er ein varm og tydeleg leiar
  • Evner å jobba systematisk og strukturert
  • Er god på formidling og er ein god rollemodell for både barn og kollegaer
  • Likar å vere ute, leika og vere på tur med barn
  • Har kompetanse om prosjektarbeid og pedagogisk dokumentasjon

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlig eignetheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfold - me oppfordrar difor også menn til å søkja på denne stillinga.Tilsettjing forutset godkjent politiattest i samsvar med barnehagelova som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.





Kontaktperson



Kari Vraspillai


Dagleg leiar


90870663


dl.saevarhagen@bhg.no

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
5416 Stord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353267541
Sist endret
16. mai 2024 10:18