Inaktiv

Barnehagelærar i Leikvang barnehage

Arbeidsgiver
Leikvang barnehage, Stad kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar i Leikvang barnehage
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stad kommune har ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar i Leikvang barnehage, frå 14.08.2024.

Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområder. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har 3 avdelingar, 1 småbarnsavdeling med barn frå 1-3 år og 2 storbarnsavdelingar med born frå 3-5 år. Det er omlag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.

  • Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette
  • Vi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt
  • Vi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor

Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Evy Henriette Hagen på tlf: 90 96 37 35.

Kontaktinformasjon

Evy Henriette Hagen, styrar Leikvang barnehage, 90 96 37 35, evy.henriette.hagen@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4810937351

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6750 Stadlandet
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
353267537
Sist endret
16. mai 2024 10:20