Sævarhagen FUS barnehage søkjer assistent/barne- og ungdomsarbeidar, fast

Arbeidsgiver
Sævarhagen FUS barnehage as
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo på Leirvik. Me jobbar med prosjektarbeid knytta til friluftsliv og nærmiljø. Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene.



Me har ledig ein 100% fast stilling som assistent/barne- og ungdomsarbeidar med oppstart 15.08.2024.

Søknadsfrist: 02.juni 2024.


Me veit at tida i barnehagen har stor innverknad på helse, utvikling og læring, og me har difor forventningar til våre medarbeidarar.


Kjenner du deg igjen?



Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærlig og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i eit breidt perspektiv? Finn du løysingar på utfordingar?



Ja? Då er du FUS!



Me tilbyr:


  • Anledning til å leike, kvar dag!
  • Anledning til å vere med på å utvikle barnehagen
  • Anledning til å bidra til at barn opplever meistring og glede
  • Opplæring gjennom FUS skulen
  • Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Noreg
  • Ordna tilsettingsforhold
  • Eigne FUS klede

Me ønskjer at du:


  • Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert (FUS)
  • Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
  • Likar å vere ute, leike og vere på tur med barn
  • Har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, evt har planar om å ta dette
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er god på å bygge relasjonar

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald - me ønskjer difor også at menn skal søkje på denne stillinga.
Tilsettinga krev godkjend politiattest med heimel i barnehagelova som må leverast før eventuell tilsetting i stillinga.



Kontaktperson





Kari Vraspillai


Dagleg leiar


90870663


dl.saevarhagen@bhg.no

Sektor
Privat
Sted
5416 Stord
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353232988
Sist endret
16. mai 2024 10:15