2. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Flekke skule og barnehage
Stillingstittel
Miljøterapeut / miljøarbeidar i Fjalerskulen
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar. For skuleåret 2024-2025 er stillinga på Flekke skule. Seinare kan det vere aktuelt på andre skular. Stillinga vil vere knytt opp mot enkeltelevar men du vil og ha ansvar for å koordinere arbeid med læringsmiljøet.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge- og gjennomføre læringsstøttande aktivitetar med enkeltelevar og elevar i skuletida
  • Rettleiing og direkte arbeid med elevar med behov for særskilt oppfølging
  • Delta i arbeidet med å utarbeide individuelle opplæringsplanar
  • Samarbeid med andre instansar rundt eleven
  • Bidra til auka læringsutbytte for elevar med psykososiale utfordringar.
  • Bidra til et godt læringsmiljø

Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • Andre med relevant og god erfaring er og velkomne til å søkje
  • Erfaring frå arbeid med- og oppfølging av barn og ungdom
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest

Personlege eigenskapar
  • Høg arbeidsmoral og glimt i auga
  • Vere ein tydeleg og trygg vaksen med eit positivt elevsyn
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel, med vilje og evne til å bidra inn i læringsfellesskapet
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Tolmod og evne til å tenke langsiktig

Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt


Vi tilbyr
  • Spanande og meiningsfylte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Rettleiing
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • God pensjonsordning og rabatterte forsikringar i KLP
  • Arbeidstida følgjer skuleåret til elevane, pluss to veker og med lengre dagar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hauglandsvegen 50, 6968 Flekke
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353191058
Sist endret
15. mai 2024 12:48