Inaktiv

Miljørettleiar

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% fast st. som miljørettleiar
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg!

Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå august 2024 av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane.


Arbeidsoppgåver
  • Styrking i ulike klassar
  • Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
  • Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
  • Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
  • Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav
  • 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing
  • Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
  • Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg
  • Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
  • Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353187212
Sist endret
16. mai 2024 09:54