Likar du å arbeida med barn? Då treng Hagahaugen barnehage deg!

Arbeidsgiver
Voss herad Hagahaugen barnehage
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar 100% fast
Frist
14.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hagahaugen barnehage har ledig 100% fast stilling som barne og ungdomsarbeidar frå 1.8.24

Om Hagahaugen barnehage:

Hagahaugen barnehage starta opp i august 2022. Barnehagen har plass til 50 barn i alderen 1-6 år. Me held til på toppen av Voss, i Hagahaugen rehabilitetssenter, kring 2 km frå Voss sentrum.
Barnehagen har kort veg til skogen, og har fine turmoglegheiter rett utanfor døra. Alle barn som går i Hagahaugen barnehage skal få oppleve tryggleik, felleskap og meistring i kvardagen.

Voss herad tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonskrav:

  • fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • andre søkjarar med relevant erfaring kan bli vurdert

Arbeidsoppgåver:

  • planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • delta i daglege gjeremål som måltid, påkledning og stell
  • vera ein god og varm vaksen som bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen.

Me ynskjer:

  • deg som er ein tydeleg vaksenperson med gode evner til omsorg
  • deg som har fokus på barna sitt beste, er samarbeidsvillig og kan arbeida sjølvstendig
  • deg som er utviklingsorientert, engasjert , fleksibel og løysingsorientert
  • deg som er blid, omgjengelig og ein god lagspelar

Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune
for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjordt sjølv om søkjaren har bede om ikkje å
verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg å legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Hagahaugvegen 30, 5707 Evanger
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
353185533
Sist endret
16. mai 2024 09:51