Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
17.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å bli med på laget vårt? Vi er en seksjon som har sterkt fokus på fagleg utvikling og som verdsetter trivsel på jobb høgt!
Vi har ledig ei heil stilling som psykolog/psykologspesialist ved Molde behandlingssenter - Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) poliklinikk.

Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdeling TSB består av fem ulike seksjonar; avrusing, langtidsdøgn, korttidsdøgn og to poliklinikkar som er lokalisert både i Molde og Ålesund. TSB gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar (illegale, alkohol, vanedannande, anabole steroidar o.l) og åtferdsavhengigheiter (spel m.m.). Aldersgruppa er frå 18 år og oppover. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg samansett og inkluderar rus-spesialistar/psykiaterar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning.

TSB er eit fagfelt i utvikling med forholdsvis ny spesialitet innan rusfag. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt med å utvikle kompetanse i behandling av psykiske lidingar. Vi har eit aktivt forskingsmiljø, med fleire pågåande stipendiatprosjekt. Molde behandlingssenter - langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume i kombinasjon av narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi -DBT i tillegg til rusbehandling.

Vidare satsing tilknytta våre poliklinikkar er implementering av kunnskapsbasert traumebehandlingstilbod til vaksne, med fokus på to behandlingsmetodar; Eye Movement Desensitization and Reprosessing (EMDR) og Kognitiv terapi for PTSD (CT-PTSD) som er eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Implementeringsplan for EMDR og CT-PTSD vil kome i gong medio 2024. Vi tilbyr utgreiing og behandling til menneske med avhengighetsproblematikk både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar, bl.a.pasientar med ADHD diagnose (Pegasus), pårørande/familie, ettervern, dagbehandling inkl. trening m.m.

Er dette noko som engasjerar deg, høyrer vi gjerne frå deg!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utredning, diagnostisering og behandling av menneske med rusavhengigheitslidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Rettleiing og samarbeid med våre aktuelle samarbeidspartnarar i kommune og innan eiga avdeling
  • Bidra med psykologisk fagkompetanse i seksjonen og på tvers av avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Psykolog/psykologspesialist
  • Psykolog på lisens i påvente av norsk autorisasjon
  • Psykologstudentar i påvente av norsk autorisasjon
  • Poliklinisk erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg oppdatert og har stor arbeidskapasitet
  • Du har gode samarbeidsevner, og likar og jobbe i team
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Du har evne til sjølvstendig arbeid
  • Du har interesse for nye arbeidsformer innan rusfaget
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer
  • Ein inkluderande arbeidsplass med høg trivselfaktor
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Rekrutteringstillegg
  • Vi holder til i flotte og lyse lokaler plassert midt i Moldeby

Molde er rosens, jazzens og kulturens by! Og ikkje minst eit eldorado for naturopplevingar og aktivitetar. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter.
Les meir om Molde og Romsdal i https://www.visitnorway.no/

Kontaktinformasjon

Merethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780

Arbeidsstad

Strandgata 1

6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4814207673

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 1, 6415 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
353184168
Sist endret
16. mai 2024 09:47