Engasjert sjukepleiar søkast til heimetenesta i Nissedal

Arbeidsgiver
Nissedal kommune
Stillingstittel
Sykepleier
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med ein spanande arbeidskvardag kor ingen dag er lik?


Heimetenesta har stort fokus på tenesteutvikling og held på med mykje spennande som blant anna gode pasientforløp og tiltakspakke for demens. Det er stort fokus på kompetanseheving og me er ein del av simuleringsprosjektet i Vest-Telemark, så her får du mogelegheit til fagleg utvikling.


Eininga har årsturnus, med moglegheit for å arbeide 6 kvar helg. Du kan vere med å lage din eigen turnus, med langvakter ut frå dine behov. Dersom du tenker at dette høyrast spennande ut, så bør DU lese vidare og søkje på dei ledige stillingange me har.


Eining for velferd, avdeling for heimebaserte tenester har følgjande ledig stilling:


- Sjukepleiar fast i 100% stilling i heimetenesta/korttid ledig frå 01.06.24
Id 2024/1630

Kvalifikasjonskrav:


  • Autorisert sjukepleiar
  • Engasjert
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Evne til å leie/rettleie og motivere andre
  • Høg arbeidsmoral
  • Nytenkende og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø
  • Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, men ikkje eit krav
  • Førarkort kl. B

Vi tilbyr:


  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
  • Moglegheit for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
  • Lønn etter avtale. Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting for høgskulepersonell

Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettjingar.

Ved intern tilsetjing vil andre kvalifiserte søkjarar kunne få tilbod om anna stilling i same tilsetjinga


Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement.


Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.


Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 05.06.24
Sektor
Offentlig
Sted
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
353182391
Sist endret
16. mai 2024 07:55