"Ønsket og Elsket" felles ungdomsarbeid i Øvre Telemark prosti søkjer ungdomsarbeidar i 50% stilling

Arbeidsgiver
Seljord sokn
Stillingstittel
Ungdomsarbeider
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ungdomsarbeidar i "Ønsket og Elsket" i 50% stilling som:


  • Er utadvendt og kreativ
  • Har god formidlings- og samhandlingsevne i møte med ungdom
  • Har evne til å skape engasjement
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og vere ein god lagspelar
  • Kan trivast med høgt tempo og intensivt arbeid i periodar
  • Er personleg eigna for ei slik stilling

Arbeidsoppgåver:


  • Hovudansvar for gjennomføring av Leiarkurs for fjorårskonfirmantar/førsteårsleiarar
  • Hovudansvar for oppfølging av ungdomsleiarar frå første- til fjerdeårsleiarar
  • Planlegging og gjennomføring av leiarturar
  • Delta i planlegging og gjennomføring av større konfirmantarrangement i prostiet, herunder konfirmasjonsleiarar i sommarferien.
  • Delta i utvikling av konfirmant- og leiaroppfølgingsarbeidet

Kvalifikasjonar:


  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kyrkjeleg ungdomsarbeid, kjennskap til "Ønsket og Elsket" er ein fordel
  • Den som søkjer må ha førarkort kl. B., førarkort for minibuss kl. D1 er ein fordel

Anna:


  • Seljord sokn er administrativt vertskap for "Ønsket og Elsket" og vil vere formell arbeidsgjevar på vegne av alle kyrkjelydane i prostiet. Næraste overodna vil vere kyrkjeverje/dagleg leiar, og elles vil ein samarbeide både med dagleg leiar for Ønsket og Elsket, prost, samt tilsette frå dei andre kyrkjelydane i prostiet.
  • Den som søkjer må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast
  • Søkjarar må disponere bil
  • Den som vert tilsett må kunne leggja fram tilfredsstillande politiattest
  • Løn etter KA sitt avtaleverk. Pensjonsordning i KLP.

Søknad kan sendast til: Seljord sokn, Brøløsvegen 13A, 3840 SELJORD, eller på e-post til: petter@seljordkyrkje.no. Søknadar blir vurdert fortløpande.


Spørsmål om stillinga kan rettast til Kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no

Sektor
Offentlig
Sted
Brøløsvegen 48, 3840 Seljord
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Ledelse
FINN-kode
353180891
Sist endret
15. mai 2024 11:13